Grappa Musikkforlag AS

Mari Midtli er ute med soloalbum

Del
Mari Midtli- ein av Noregs fremste folkesangarar er ute med soloalbum
Mari Midtli- ein av Noregs fremste folkesangarar er ute med soloalbum

Mari Midtli reknas i ein alder av 22 år som ein av dei fremste utøvarane av vokal folkemusikk i Noreg. Hennar framifrå formidling og nærvere framkallar fort frysningar og har gjort sitt til at ho har vunne Landskappleiken (vokal klasse B) to gonger og hausta ei rekkje prisar. No kjem hennar første soloplate på Heilo. ”Dalen” består av Mari Midtlis favorittsongar frå nære kjelder i Gudbrandsdalen. 

Hør Mari Midtli "Dalen" her!

Plata lanserast på heimebane med konsert heime på Låven på Sel 22. juni, og med ein eigen konsert under Landskappleiken i Vågå, 28 juni. ! Vokalmusikken i Gudbrandsdalen har vore ein gøymd skatt i mange år. Nesten ingen har brukt den. Mari har derfor dei siste åra jobba med å finne fram gamalt vokalmateriale, og har etter kvart opparbeidd seg eit breitt repertoar. Ho har gått i lære hjå Camilla Granlien, ein av dei få andre vokalutøvarane som utøver tradisjonen frå Gudbrandsdalen, og hatt mange møter med den store kjelda Jarnfrid Kjøk. ”Dalen” består av repertoar som ho har etter desse toneangivande lærarane, og songar og slåttar som Mari har gravd fram frå arkivopptak og nedskrivingar. 

Sjølv om materialet botnar i meir eller mindre gamle kjelder, er Maris formidling alt anna enn gammalmodig. Songen er det bærande på albumet og hennar klokkeklare stemme og friske arrangement spelt av Andreas Bjørkås (feler) og Vegard Moshagen (trøorgel), gjer dette til ei plate til å bli røyrt og glad av. Plata er kalla opp etter Maris favoritt-feleslått ”Dalen”, som på plata blir framførd med slåttetralling. Den er ei hylling til tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen og dei som har førd den vidare, der ho føyer seg inn som ein verdig arvtakar. 

Om Mari Midtli Mari Midtli byrja å spele fele som 6-åring, og etter kvart voks òg interessa for folkesong. Ho har vore solist med TrondheimSolistene og KORK ved fleire høve, i tillegg har ho blant anna samarbeidt med Aslak Brimi, Mads Erik Odde og Bjørn Kåre Odde. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss. Mari har vunne ei rekkje prisa, forutan ein drøss topplasseringer på Landskappleiken kan nemnast Toneprisen i 2015, Peer-Gynts Talentpris, DNB’s Talentstipend, Fureprisen og Furestipendet 3 år på rad.

Kontakter

Frøydis B. Ruud


+47 924 62 924


froydis@grappa.no

Bilder

Mari Midtli- ein av Noregs fremste folkesangarar er ute med soloalbum
Mari Midtli- ein av Noregs fremste folkesangarar er ute med soloalbum
Last ned bilde
Last ned bilde

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye