NRK

Tilbake frå Lønsj

Del
Torfinn Borkhus frå Lønsj er tilbake på radio, denne gongen med ny makker i «Nesten helt sant».
Høyr Are Sende Osen, Kirsti Falch-Nielsen og Torfinn Borkhus i Nesten helt sant".
Høyr Are Sende Osen, Kirsti Falch-Nielsen og Torfinn Borkhus i Nesten helt sant".

Torfinn Borkhus, som også er kjend frå «Ikke gjør dette hjemme», har med seg Kirsti Falch-Nilsen i det nye humorprogrammet på NRK P1. Dei kjem til å få hyppige besøk av Are Sende Osen, som mange kjenner frå både «Are og Odin» og «På tro og Are».

«Nesten helt sant» byr på gode historier som kan innehalde spor av fantasi eller manglande faktasjekk. Programmet skal gå frå måndag til torsdag.

- Vi skal skape helgestemning, sjølv om det berre er tysdag, seier Torfinn og Kirsti. Dei vil by på underhaldande historier, konkurransar og god musikk, og i tillegg utfordre seg sjølv ved å framføre – på bass og gitar – eigne indie-versjonar av kjente songar.

- Dersom du skrur ned tempoet på ei låt av for eksempel Dolly Parton, blir stemma mørk og Dolly Parton høyrest plutseleg ut som Jim Morrison. Då ender du opp med «sjangeren» Jim Parton! Ein av konkurransane vi skal ha, går ut på å kjenne igjen kva låt vi speler, fortel Torfinn.

Vil ringe lyttarane
Mens det kan snike seg inn nokre «alternative fakta» i historiene, vil dei to gjerne kunne ause av den enorme, samla kompetansen til NRK P1-lyttarane om dei skulle begynne lure på noko i løpet av programmet.

- Vi håper etter kvart å ha ein stor base med gode hjelparar, slik at vi har nokon å ringe til den dagen vi lurer på noko om for eksempel havørner, krydderblandingar eller byar i Brasil, seier Kirsti. – Viss nokon vil melde seg allereie no, kan dei sende ein sms med kodeord RINGMEG, namn og yrke til 1987. Då kan det fort hende at du blir oppringt!

Du kan høyre «Nesten helt sant» på DAB+, nett eller via TV-en. Programmet går på NRK P1 måndag til torsdag klokka 21.03.

Bilder

Høyr Are Sende Osen, Kirsti Falch-Nielsen og Torfinn Borkhus i Nesten helt sant".
Høyr Are Sende Osen, Kirsti Falch-Nielsen og Torfinn Borkhus i Nesten helt sant".
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye