Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

Stor pågang hos karrieresentera

Del
17 378 personar fekk personleg rettleiing ved eit av dei offentlege karrieresentera i landet i 2016, ein auke på 7 prosent. Auka tilgang til karriererettleiing er viktig for å møte krava i det framtidige arbeidslivet.
Kompetanse Norge hadde karriererettleiing som tema under Arendalsuka 2016. (Foto: Marianne Wennesland, Kompetanse Norge)
Kompetanse Norge hadde karriererettleiing som tema under Arendalsuka 2016. (Foto: Marianne Wennesland, Kompetanse Norge)

I tillegg kjem fleire tusen som deltok på i alt 720 grupperettleiingar og kurs. Dette er ein auke på over 30 prosent frå året før. 3 av 4 kurs hadde 11 eller fleire deltakarar. Dette viser rapporten om aktiviteten til dei 38 karrieresentera i landet i 2016.

- Kompetanse Noreg jobbar for at innbyggjarane i heile landet skal få eit likeverdig tilbod om karriererettleiing, både i form av individuell rettleiing og digitale tenester, seier Cathinca F. Hatlem, leiar av Nasjonal eining for karriererettleiing, Kompetanse Noreg.

Førebudde på omstilling

I tillegg til rettleiinga er sentera viktige som regionale ressursmiljø, og gir kompetansestøtte til NAV-kontor, grunnopplæringa, høgskular og universitet og bedrifter i fylket.

- Auka tilgang til karriererettleiing er viktig for å møte framtidas krav om omstilling og kompetanseutvikling, seier Hatlem.

Betre rettleiing

Karrieresentera bidrar til betre kvalitet på dei karriererettleiingstenestene som vert gitte i fylka. Sentera tilbyr kurs for tilsette i vaksenopplæringa, flyktningtenesta, oppfølgingstenesta, attføringsbedrifter og fagskular. Tema for desse kursa er rettleiingsmetodikk, bruk av refleksjonsverktøy og nettressursar om utdanning og arbeidsmarknad, etikk og faget utdanningsval. Karrieresentera kan få ei sentral rolle i dei nye regionane landet rundt.

Treng større kapasitet

Kompetanse Noreg arbeider for at den vaksne befolkninga over heile landet skal få tilgang til karriererettleiing. Med Finnmark på plass i 2016, og Hedmark og Oslo på trappene, er eit landsdekkjande nettverk av karrieresenter endeleg innan rekkjevidde.

Vi veit frå tidlegare undersøkingar at 1 av 4 vaksne seier dei har behov for karriererettleiing.

- Dagens tilbod dekkjer ikkje dette behovet. No må vi syte for at sentera får større kapasitet til å møte fleire av dei som treng karriererettleiing, seier Hatlem.

Nøkkelord

Kontakter

Kontakt gjerne:
Cathinca F. Hatlem, seksjonsleder for karriereveiledning, 23 381 368, cathinca.hatlem@kompetansenorge.no
Espen Brynsrud, kommunikasjonsrådgiver, 906 06 406, espen.brynsrud@kompetansenorge.no

Bilder

Kompetanse Norge hadde karriererettleiing som tema under Arendalsuka 2016. (Foto: Marianne Wennesland, Kompetanse Norge)
Kompetanse Norge hadde karriererettleiing som tema under Arendalsuka 2016. (Foto: Marianne Wennesland, Kompetanse Norge)
Last ned bilde

Lenker

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye