Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

– Eit løft i finansnæringa er spesielt viktig akkurat no

Del

Tilsette i finansnæringa skal kunne tileigne seg oppdatert kompetanse gjennom relevante og skreddarsydde etter- og vidareutdanningstilbod.

Sveinung Skule, direktør i HK-dir, trur midlane til finansnæringa kjem ekstra godt med no som det er usikre økonomiske tider.
Sveinung Skule, direktør i HK-dir, trur midlane til finansnæringa kjem ekstra godt med no som det er usikre økonomiske tider. Foto: Daniela Paez HK-dir

Finansnæringa er ein av to nye bransjar som no får tilskot gjennom treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Utlysinga frå Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har frist i februar og skal dekke utvikling og gjennomføring av tilbod frå 2024 til 2027.  På den måten skal tilsette i næringa få fagleg påfyll, samtidig som bedriftene får kompetansen dei har behov for. 

Usikkerheit knytt til økonomisk utvikling

– Finansnæringa står i frontlinja av digitaliseringa og spelar ei avgjerande rolle i det grøne skiftet. Eit kompetanseløft i næringa er spesielt viktig akkurat no som det er mykje usikkerheit knytt til økonomisk utvikling verda over, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Næringa fungerer som støttespelar for grøn økonomisk vekst og utvikling, og kanaliserer kapital, forsikrar verdiar og er ein viktig rådgivar til privatpersonar og bedrifter. Ny teknologi og dei tilsette sin kompetanse er dei viktigaste innsatsfaktorane for at finansbedriftene skal kunne møte krava for framtida, sikre grøn omstilling og oppretthalde konkurransekraft. 

Oppmodar til samarbeid

– Bransjeprogrammet vil bidra til at fleire finanstilsette kan tileigne seg meir kompetanse innan berekraft og teknologi. Næringa har sjølv utrykt at dei treng meir kompetanse på desse områda for å utvikle næringa vidare og bidra til grøn omstilling av norsk næringsliv, seier Kari Olrud Moen, administrerande direktør i Finans Norge. 

Ho oppmodar finansbedriftene og utdanningstilbydarane til å samarbeide for å finne gode løysningar på korte og fleksible utdanningsløp som kan kombinerast med jobb.   

– Eg veit at dei tilsette er svært motiverte, og at tilboda som no kjem dekker behova til både tilsette og næringa, seier Arne Fredrik Håstein, nestleiar i Finansforbundet. 

45 millionar til fem næringar

I denne runden lyser HK-dir ut 45 millionar kroner til fem bransjeprogram. I tillegg til bransjeprogrammet for finansnæringa, kor det er lyst ut 15 millionar kroner, blir det også lyst ut midlar innan:    

  • Informasjonssikkerheit og IKT (også nytt i år) 

  • Industri- og byggenæringa 

  • Avfalls- og gjenvinningsnæringa 

  • Jordbruk-, skogbruk og gartnerinæringa 
     

Om treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling 

  • Tilskotsordning som skal gi gratis kurs og utdanning laga av arbeidslivet, for arbeidslivet. 

  • Skal auke kompetansenivået i utvalde bransjar. 

  • HK- dir.no finn du meir informasjon. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Sveinung Skule, direktør i HK-dir, trur midlane til finansnæringa kjem ekstra godt med no som det er usikre økonomiske tider.
Sveinung Skule, direktør i HK-dir, trur midlane til finansnæringa kjem ekstra godt med no som det er usikre økonomiske tider.
Last ned bilde
Kari-Olrud-Moen, administrerande direktør i Finans Norge
Kari-Olrud-Moen, administrerande direktør i Finans Norge
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye