Sparebanken Vest

Skal «stao pao» saman til 2021

Del
Sparebanken Vest og Sogndal Fotball blei kjapt einige om å forlenge samarbeidet, og har no inngått ein ny generalsponsor-avtale som vi gjelde frå 2018 og ut 2021-sesongen.
Egil B. Mundal (t.v.) og Jan Erik Kjerpeseth er einige om å forlenga sponsoravtalen til ut 2021-sesongen (Foto: Sparebanken Vest).
Egil B. Mundal (t.v.) og Jan Erik Kjerpeseth er einige om å forlenga sponsoravtalen til ut 2021-sesongen (Foto: Sparebanken Vest).

- Vår opphavlege avtale gjeld ut 2017, så at me allereie no har forlenga samarbeidet tyder på langsiktige partnarar som nyt godt av kvarandre, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

Sparebanken Vest har vore generalsponsor for Sogndal Fotball sidan 2008, og for banken var det og viktig å få på plass ein tidlig fornying slik at klubben kunne få føreseielegheit og arbeidsro både kommande sesong, og sikre eit godt grunnlag for å utvikle klubben i mange år framover.

- Denne gongen blei me også einige om rammene for ny avtale på veldig kort tid. Det synest eg vitnar om stor gjensidig tillit for både klubb og bank, og er ei honnør til våre tilsette for jobben som har vore gjort både på og utanfor bana inneverande periode, fortset Mundal.

- Vårt mål er at våre kundar skal oppleve oss som ein langsiktig partnar, og det gjeld og for banken sine sponsorpartnarar. Sogndal Fotball er flaggskipet i regionen og me ser at heile fylket står bak laget, og når ein eigentleg har tilhøyrsle til andre klubbar. Det vitnar om at klubben har ein samlande kraft som skapar engasjement og er til inspirasjon for unge spelarar i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Han legg til at sjølv om sponsoravtalen er kommersiell har Sogndal Fotball si rolle som samfunnsaktør vert avgjerande for Sparebanken Vest.

- Eg vil spesielt trekke frem den utruleg imponerande innsatsen som klubben har lagt ned for å utvikle Fosshaugane Campus som senter for næringsutvikling, utdanning og idrettsarena for barn og unge. Anlegget er truleg landets best besøkte arena etter Ullevaal stadion. Det er ein bragd i seg sjølve sett opp mot folketalet i fylket, fortset Kjerpeseth.

- I Sparebanken Vest har me ein partnar som har vore sentral i utviklinga av både den moderne fotballklubben og Fosshaugane Campus. Klubben har vore innovative på fleire områder, og me opplever at Sparebanken Vest kanskje er den mest innovative og tilpasningsdyktige banken i marknaden. Me har såleis veldig gode føresetnadar for fortsatt godt samarbeid, avsluttar Egil Mundal.

Nøkkelord

Kontakter

For meir informasjon kontakt:
Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal på telefon: 952 73 630
Administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth på telefon: 951 98 430

Bilder

Egil B. Mundal (t.v.) og Jan Erik Kjerpeseth er einige om å forlenga sponsoravtalen til ut 2021-sesongen (Foto: Sparebanken Vest).
Egil B. Mundal (t.v.) og Jan Erik Kjerpeseth er einige om å forlenga sponsoravtalen til ut 2021-sesongen (Foto: Sparebanken Vest).
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye