Sparebanken Vest

Vestlandsindeksen viser: Oppsagde frå byggebransjen finn jobb innan energi

Del

— Her er det gode utsikter til å få jobb, og det er kjekt med mange nye kollegaer. Det seier sveisar Marius Rødland, som er i ferd med å montere ei kran hos PSW Technology på Mongstad. Harde tider i mellom anna bygg- og anleggsbransjen gir mobilitet i arbeidsstyrken som særleg energisektoren dreg nytte av.

Foto: Torhild Dahl

— Vi ser ein ny og kjærkomen tilgang på arbeidskraft. Vi har hatt nærmare 300 % vekst i omsetjing, og vi har landa ei stor kontrakt med raffineriet her på Mongstad, så no må vi ut og hente inn fleire folk. Vi er glade for at det er fleire tilgjengelege på marknaden no, for vi treng verkeleg folk!

Det seier administrerande direktør Richard Cornell i PSW Technology på Mongstad. Firmaet driv med vedlikehald og produksjon av sikkerheitskritisk utstyr til mellom anna oljeindustrien og vindkraftindustrien, og mangel på kvalifisert arbeidskraft har vore eit problem tidlegare. Dei siste månadene har det gått lettare å få tak i folk.

Richard%20Cornell%2C%20Margunn%20Minne%20og%20Baste%20Tveito
Richard Cornell, Margunn Minne og Baste Tveito diskuterer funnene i Vestlandsindeksen. Foto: Torhild Dahl

Fleire bein å stå på

Dette rimar med funna i den ferske Vestlandsindeksen for 3. kvartal.

Noreg er inne i ei dyrtid med raskt aukande kostnader og renter, og dette går hardt utover enkelte næringar. Vestlandsindeksen for tredje kvartal 2023 viser at særleg bygg og anleggssektoren har lave forventningar til framtida, og ein ventar difor lågare aktivitet i den næringa framover.

Samtidig viser indeksen at til dømes bedrifter som er retta mot olje- gass og kraftsektoren er svært positive. Der er investeringsaktiviteten god, og forventningane til framtida høge.

— Vestlandet har fleire bein å stå på når det er problem i enkelte bransjar. Vi veit frå tidlegare at Vestlandsbedriftene og arbeidskrafta på Vestlandet er omstillingsdyktig og tilpassar seg dei gjeldande forholda. Dette vil kunne fungere som ei motvekt og sørge for at vi ikkje får ein så djup nedtur på Vestlandet som vi elles ville fått. Grunnen er at andre næringar held oppe høg aktivitet gjennom den syklusen vi er på veg inn i.

Det seier konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Margunn Aas Minne. 

Konkret viser vestlandsindeksen at bygg- og anlegg har historisk lave forventningar, og fell frå 56,0 til 49,5. Alle enkeltindikatorar går tydeleg ned, då særskilt forventningane til lønsemd og etterspurnad. På den andre enden av indeksen er altså olje- og gassbedrifter som framleis har høge forventningar, sjølv om dei er litt lågare enn sist kvartal. Indeksen endar på 66,6, noko som tyder på høg aktivitet vidare innan energisektoren.

Kran%20p%E5%20Mongstad
Foto: Torhild Dahl

Enklare tilgang til arbeidskraft 

På Mongstad arbeider Marius Rødland og sveisarkollegaene på ei kran som må opp for å sette saman dei store installasjonane dei leverer til energiproduksjon. Han er glad for å få nye kollegaer. 

— No har vi fleire bein å stå på, og for oss ser det lysare ut enn det gjorde i fjor på denne tida. Her er det god stemning, seier han. 

Mange av kundane Minne er i kontakt med innan særleg energisektoren, men også havbruk og andre næringar, peikar på enklare tilgang til arbeidskraft som eit positivt trekk. 

— Det er ikkje unaturleg at ein del av dei ressursane som blir tilgjengelege i bygg og anleggssektoren flyttast over til investeringar innan til dømes energi, seier ho. 

Forventningsindeks

Også Baste Tveito, Executive vice president operations i Scana, kan stadfeste denne tendensen.

— Scana konsernet som PSW er ein del av har hatt vekst i alle divisjonane dette året, og det er ikkje til å legge skjul på at rekruttering framleis er den største utfordringa. Vi ser likevel at vi har rekruttert betre enn vi frykta, og her ute på Mongstad ser vi konkret at mange av dei nytilsette kjem frå bygg og anlegg. Dette er ein tendens som har redda oss litt, for det har blitt betydeleg lettare å rekruttere siste månadene enn det var sist vinter, og no nærmar vi oss behovet for nyrekruttering i år, seier han. 

Meir stabile resultat

Etter store fall mot slutten av 2022 har 2023 vist ein meir stabil resultatindeks, og no nærmar han seg igjen det historiske gjennomsnittet på 59,8. Samla stig resultata frå 56,1 i førre kvartal, til 57,5 i tredje kvartal. Av enkeltindikatorar er det lønsemda som stig mest med 2,6 poeng, litt opp frå eit lavt nivå. 

Kjetil Benson, leiar av markets i Sparebanken Vest, gler seg over at indikatoren for bedriftene si lønsemd trekk litt opp igjen. 
 
— At grafen snur tyder på at bedriftene er i ferd med å tilpasse seg dei nye rammevilkåra. I forhold til kor mykje renta har stige på kort tid, så responderer bedriftene meir positivt enn ein kunne frykte på førehand. Dei har evne til å tilpasse seg både høge kostnader og høge rentenivå raskare. Samla sett så får ein så pass ok resultat gitt tida vi er i. Grunnen er nok at det er store motorar i andre næringar som gjer det veldig bra og har veldig gode framtidsutsikter, forklarer han.

Resultatindeks

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarkedet i Sparebanken Vest
Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarkedet i Sparebanken Vest
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om oss

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye