Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

Meir enn 50 prosent valde prøve på norsk

Del
Samfunnskunnskapsprøva finnast på over 30 språk. Det var likevel ei stor auke i talet på vaksne innvandrarar som valde å ta prøva på norsk i 2018.

– Kunnskapar om norsk språk og om norsk arbeids- og samfunnsliv er avgjerande for å få innpass i arbeidslivet og bli integrert i Noreg, seier direktør Gina Lund i Kompetanse Noreg, direktoratet for kompetansepolitikk.

I 2018 var det 17 629 kandidatar som tok prøva i samfunnskunnskap. På landsbasis var det 84 prosent av kandidatane som klarte prøva. Dette er ei auke frå 2017 der 79 prosent bestod. Regjeringa sitt mål er at 90 prosent av deltakarane skal bestå.

Permanent opphald eller statsborgarskap

For å få permanent opphaldsløyve i Noreg, må kandidaten gjennomføre og bestå samfunnskunnskapsprøva på sitt eige morsmål. For å få innvilga norsk statsborgarskap må prøva i samfunnskunnskap vere gjennomført og bestått på norsk. Statsborgarprøva blei lansert fyrste gang i 2017. Dei som søkjer norsk statsborgarskap kan ta denne prøva som erstatning for samfunnskunnskapsprøva på norsk.

Fleire tek prøva på norsk

Talet på dei som tok samfunnskunnskapsprøva på norsk, har gått opp frå 11 prosent i 2016 til heile 56 prosent i 2018.

Prøva kan gjennomførast etter opplæring i 50 timar samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I byrjinga var intensjonen med opplæringa at innvandrarar skulle få innføring i norske samfunnsforhold kort tid etter at dei kom til Noreg. Derfor skulle ein ha både opplæring og prøve på ei rekke språk. I dag blir prøva tilbydd på 30 språk, i tillegg kan kandidatane også ta prøva på andre språk ved hjelp av tolk.
– Med innføring av Statsborgarprøva eller bestått prøve i samfunnskunnskap på norsk for å oppnå statsborgarskap, ser vi at stadig fleire vel å vente med å ta samfunnskunnskapsprøva, og då ta ho på norsk, seier Lund.

Samfunnskunnskapsprøva inneheld 38 spørsmål, og minst 29 av spørsmåla må ha riktig svar for å få bestått. Det tek omlag 60 minutt å gjennomføre prøva.

Enkelte har avlagt prøva meir enn éin gang, og dei tek ho gjerne på sitt eige språk før dei tek ho på norsk. Det er stor variasjon i talet beståtte prøver på dei ulike språka og mellom kommunane.

Resultat på samfunnskunnskapsprøva i 2018 fordelt på fylke

Fylke

Tal kandidatar

Prosentdel bestått

Prosentdel stryk

Akershus

1683

85 %

15 %

Aust-Agder

498

89 %

11 %

Buskerud

855

84 %

16 %

Finnmark

335

84 %

16 %

Hedmark

596

80 %

20 %

Hordaland

1389

88 %

12 %

Møre og Romsdal

902

86 %

14 %

Nordland

1289

76 %

24 %

Oppland

641

76 %

24 %

Oslo

2146

89 %

11 %

Rogaland

1557

84 %

16 %

Sogn og Fjordane

463

81 %

19 %

Telemark

647

80 %

20 %

Troms

666

87 %

13 %

Trøndelag

1870

86 %

14 %

Vest-Agder

678

79 %

21 %

Vestfold

738

86 %

14 %

Østfold

676

89 %

11 %

Heile landet

17629

84 %

16 %

Kontakt gjerne:

Helena Sæter, seniorrådgjevar kommunikasjon, 93 43 33 02 helena.sater@kompetansenorge.no

Meir informasjon:

Nøkkelord

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye