Medietilsynet

Medietilsynet har tilsyn ved stortingsvalet 10. og 11. september

Del
Etter vallova er det forbode å offentleggjere valresultat og valdagsmålingar før kl. 21.00 på valdagen måndag. Vi ønskjer tips frå publikum om eventuelle brot. I år gjeld forbodet søndag 10. og måndag 11. september.
Valtilsyn, stortingsvalet 2017
Valtilsyn, stortingsvalet 2017

Forbodet mot offentleggjering av valresultat, valdagsmålingar og andre prognosar gjeld stortingsval og kommune- og fylkestingsval i alle samanhengar og medium. Brot på regelen kan føre til bøter. Etter valet i 2015 fekk NRK eit lovbrotsgebyr på 300 000 kroner og Svelviksposten 50 000 kroner.

Døme på brot kan vere å leggje ut ei Facebook- eller Twitter-melding eller ei nettsak eller offenleggjere resultat eller prognosar på tv eller radio. Spørjeundersøkingar på nett der publikum kan oppgi kva parti dei røystar på, kan også vere i strid med lova. Forbodet gjeld ikkje offentleggjering av meiningsmålingar som er laga før valdagane.

Formålet med forbodet er å hindre at veljarane blir påverka mens røystinga går føre seg og eit ønske om å sikre ei roleg og verdig gjennomføring av røystinga.

Forbodet gjeld alle. Medietilsynet kan vedta at føretak må betale gebyr dersom dei bryt lova.

Medietilsynet har oppretta ei teneste der du kan sende oss ein e-post om du meiner det blir offentleggjort valresultat eller målingar i strid med lova: valg@medietilsynet.no 
Medietilsynet følgjer opp på begge valdagane.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Gudbrand GuthusErik Langebeck eller Robin Welhaven Føyen

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Valtilsyn, stortingsvalet 2017
Valtilsyn, stortingsvalet 2017
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye