Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

Kompetansebehovet i norske verksemder aukar

Del
Behovet for folk med fagutdanning, fagskole og anna høgare utdanning er aukande. Norske verksemder vil trenge færre ufaglærte, viser Kompetanse Noreg sitt Verksemdsbarometer 2017.
Folk med fagopplæring vert etterspurde i arbeidslivet. (FOTO: Terje Heiestad, Kompetanse Noreg)
Folk med fagopplæring vert etterspurde i arbeidslivet. (FOTO: Terje Heiestad, Kompetanse Noreg)

- Folk som ikkje har gjennomført utdanninga si må få eit tilpassa tilbod og målretta tiltak, så dei kan komme seg vidare i utdanning eller arbeid, seier Kompetanse Noreg-direktør Gina Lund.

- Arbeidslivet endrar seg, og det blir stadig viktigare å bygge på kompetansen sin gjennom heile livet. Det gjer at både verksemder og tilsette blir meir opptekne av kompetansebygging for å motverke utanforskap.

Aukande udekt behov for kompetanse

40 prosent av verksemdene i Noreg har eit udekt kompetansebehov, viser Verksemdsbarometeret 2017. Dette er ein auke på seks prosentpoeng frå 2016.

Undersøkinga er gjennomførd blant eit utval på 3 000 verksemder, som er representativt for alle norske verksemder med unnatak av einmannsbedriftene.

Det udekte kompetansebehovet er størst i næringa informasjon og kommunikasjon, der heile 63 prosent av verksemdene svarar at dei har eit udekt behov. Behovet har auka i alle næringar, med unnatak av undervisning og finansierings- og forsikringsverksemd.

Størst i privat sektor

Auken i udekt kompetansebehov er størst i privat sektor, og har auka i dei fleste fylka. Kompetansebehovsauken er i samsvar med NAVs Bedriftsundersøking frå 2017, som viser at bedriftene generelt er meir optimistiske til framtidig sysselsetjing i år enn i fjor.

Nøkkelord

Kontakter

Kontakt gjerne:
Gina Lund, direktør for Kompetanse Norge, 992 30 945, gina.lund@kompetansenorge.no
Espen Brynsrud, kommunikasjonsrådgjevar, 906 06 406, espen.brynsrud@kompetansenorge.no

Bilder

Folk med fagopplæring vert etterspurde i arbeidslivet. (FOTO: Terje Heiestad, Kompetanse Noreg)
Folk med fagopplæring vert etterspurde i arbeidslivet. (FOTO: Terje Heiestad, Kompetanse Noreg)
Last ned bilde

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no

Verksemdsbarometeret

Kompetanse Noreg gjennomfører kvart år ein telefonsurvey retta mot norske verksemdsleiarar om det norske arbeidslivet, med spørsmål som gjeld kompetansebehov og kompetanseutvikling. Undersøkinga har 3 000 respondentar, og er representativ med omsyn til næring, sektor, fylke og tal på tilsette.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye