UiO - Det humanistiske fakultet

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er tilstades når Norsk Ordbok - band 12 og heile verket blir lansert 9. mars

Del

Norsk Ordbok er ei ordbok i 12 band over alle dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.

Eit pionerarbeid

Norsk Ordbok tek sin plass mellom dei store vitskaplege ordbøkene for europeiske språk. Ordboka er samstundes eit pionerarbeid, ettersom det er den første store vitskaplege ordboka som bruker talemålet som ei likeverdig kjelde med skriftmålet.

Norsk Ordbok har undertittelen "Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet". Norsk Ordbok dekkjer alle dialektar frå Aremark og Idd i Østfold til Kirkenes i Finnmark. Ein stor del av materialet er samla inn av om lag 1500 friviljuge og ubetalte medarbeidarar, som også har hjelpt til med litteraturinnsamlinga. Slik sett er Norsk Ordbok eit gigantisk dugnadsprosjekt, som har pågått i 85 år.

Digital plattform

Takk vere overgangen til digital plattform, er det blitt lett å slå opp i Norsk Ordbok på nettet. Den delen av Norsk Ordbok som ligg på nettet (frå i til å), blir brukt av mange kvar dag.

Ordboka har om lag 325 000 artiklar. Ein kan også slå opp i om lag 15 000 fleirordsuttrykk, frå dei enkle som «i live» eller «utan like», «til faste uttrykk som «stikka fingeren i jorda».

Planlegging og ordinnsamling tok til i 1929 - og ordinnsamlinga pågår framleis. Utgjevingssoga tok til i 1950, med første hefte (dei fire første banda vart utgjevne i hefte). Første band kom i 1966. Tolvte og siste band kjem no, i 2016 - det blir ei utgjevingssoge på 66 år.

Lansering 9. mars  

Norsk Ordbok skal lanserast i Universitetets Aula i Oslo sentrum  kl. 12.45 – 14.00. Kongehuset vil vera representert ved Kronprinsesse Mette-Marit. Kulturdepartementet er representert ved statssekretær Bård Folke Fredriksen. Linda Eide skal føra oss gjennom programmet og Lars Vaular står for musikken. 

Sjå program: http://www.uio.no/om/aktuelt/arrangementer/andre/2016/norsk-ordbok.html

Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet er blitt fullført som eit samarbeidstiltak mellom Universitetet i Oslo og Kulturdepartementet. Kulturdepartementet har ytt eit tilskot på om lag 160 mill kr. til fullføring i perioden 2002 – 2015.

Nøkkelord

Kontakter

Oddrun Grønvik
Telefon: 22 85 43 27
E-post: oddrun.gronvik@iln.uio.no

Olaf Almenningen
Telefon: 22 85 43 92
E-post: olaf.almenningen@iln.uio.no

Om UiO - Det humanistiske fakultet

UiO - Det humanistiske fakultet
UiO - Det humanistiske fakultet
Niels Henrik Abels vei 36
0313 Oslo

+47 22 85 62 93http://www.hf.uio.no/

Følg saker fra UiO - Det humanistiske fakultet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det humanistiske fakultet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra UiO - Det humanistiske fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom