Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.
I tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, har Helse Vest avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i regionen. No er nye avtalar signerte, og dei trådde i kraft 01.04.24. Avtalane er med følgjande institusjonar:
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler
- Åstveit Helsesenter i Bergen
- Barnas Fysioterapisenter i Bergen
- Ravneberghaugen, Senter for meistring og rehabilitering i Hagavik
- Rehabilitering Vest i Haugesund (1. mai 2024)
- Falck Norge i Randaberg
- PTØ-senteret i Stavanger
- Nærland Rehabilitering på Jæren
Avtalane har ein varigheit på fire år med opsjon for Helse vest RHF til å forlengje for 2 år + 2 år.
– Desse avtalane er eit viktig supplement til sjukehusa, siger Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Styrkte tilbod til barn og unge
Gjennom avtalar med Barnas Fysioterapisenter i Bergen, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og PTØ-senteret i Stavanger, er tilbodet til barn og unge styrkt. Dette gjeld for barn og unge vaksne (opp til 30 år for delar av tilbodet) med komplekse habiliterings- og/eller rehabiliteringsbehov. Tilbodet omfattar både døgntilbod, dagtilbod og kortare dagtilbod i form av timar.
Andre nye tilbod
Nytt i avtalane er tilbod om korte kartleggings- og vurderingsopphald knytt til hjartesjukdommar, kronisk muskel- og bløtdelssmerte og arbeidsretta rehabilitering. Det dreier seg om 3-5 dagars opphald for tverrfagleg vurdering av rehabiliteringsbehovet ved dei institusjonane som har desse deltenestene.
Det er også nytt at alle institusjonane skal tilby digitale rehabiliteringstenester. Det er ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digitale løysingar.
Nøkkelord
Kontakter
Linn HerredsvelaSenior kommunikasjonsrådgiver / Helse Vest RHF
Tel:99517661linn.herredsvela@helse-vest.noFølg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Fornøgde med behandling5.4.2024 11:28:25 CEST | Pressemelding
Ei undersøking frå SINTEF viser at 80 prosent av dei polikliniske pasientane i psykisk helsevern for vaksne og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, har nytte av tilbodet dei får.
Nytt samarbeid aukar tilgangen til internasjonal forsking21.2.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Tilgang til internasjonale publiseringskanalar er ein nødvendig føresetnad for å driva forsking. Ein ny avtale aukar tilgangen til tidsskrift, fagbøker og farmasiressursar.
Millionar spart på legemiddelavtalar gir behandling til fleire pasientar20.2.2024 09:44:52 CET | Pressemelding
Gode innkjøpsavtalar for legemiddel i Helse Vest gjer det mogleg å behandle fleire pasientar for same pengepotten.
Ny, felles regional rapport klar: Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtida19.2.2024 08:36:10 CET | Pressemelding
Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar. Det er nokre av tiltaka som blir foreslåtte i ein ny, felles regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”.
Nye styre i helseføretaka i Helse Vest30.1.2024 10:42:33 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet har fått nye styre, som vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, 30. januar 2024. Her er oversikta.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom