Ny, felles regional rapport klar: Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtida
Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar. Det er nokre av tiltaka som blir foreslåtte i ein ny, felles regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”.
Rapporten peikar på korleis vi kan sikre god fødselsomsorg på sjukehusa i vest.
– Viss vi held fram med å løyse oppgåvene ved føde- og barseleiningane på same måte som i dag, er det høg risiko for at vi ikkje vil klare å dekkje det framtidige behovet innan fødselsomsorga i framtida. Det er viktig at alle aktørar tek innover seg at det vil krevje nye tiltak, og at vi saman no må setje inn tiltak som kan gi varig effekt, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF, som har leidd arbeidet med rapporten.
- Les heile rapporten (PDF).
- Sjå styresaka frå 13. februar om rapporten (PDF)
- Sjå kartlegging og resultat frå sjukehusa (samleside på helsevest.no)
Behalde, utvikle, utdanne og rekruttere
Å behalde, utvikle og rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til føde- og barseleiningar blir heilt avgjerande. Kommunane har bygd opp jordmorkapasiteten over fleire år, og i stor grad rekruttert jordmødrer frå sjukehusa.
– Kommunane har levert på det som var forventningane til dei, så dette er ikkje kritikk. Men både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta vil stå overfor dei same utfordringane framover, og då må vi finne løysingane saman, seier Christiansen.
– Eg vil understreke at fødetilbodet i regionen vår har høg kvalitet. Gravide og fødande skal vere trygge på at det held fram med å vere slik framover også – samtidig som medarbeidarane våre har ein arbeidskvardag som gir meistring og tryggleik. Nettopp derfor er det viktig at vi tek tak i dette no, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Dette er tiltaka
Her er tiltaka som blir tilrådde i rapporten:
- Endå betre oppgåvedeling og tett samarbeid mellom yrkesgruppene
- Prioritere heile, faste stillingar
- Fleksible vaktordningar og arbeidsplanar
- Utnytte eksisterande digitale system og vidareutvikle IKT-løysingar
- Utdanning som dekkjer behovet i tenesta
- Sikre god opplæring og kontinuerleg kompetanseutvikling
- Tillit til fødetilbodet og god kommunikasjon
No skal helseføretaka jobbe vidare med tiltaka. Mellom anna er det viktig å finne berekraftige løysingar for den samla jordmorkapasiteten med kommunane. Kommunane vil, som det er peika på i rapporten, også merke at dei må ha god kontinuitetsplanlegging for framtida.
– For å nå målet, må vi også samarbeide meir med kommunane. Eg trur vi kan klare dette, saman. Målet er eit trygt og godt fødetilbod på Vestlandet, avsluttar Christiansen.
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noBilder
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar17.4.2024 13:38:31 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.
Fornøgde med behandling5.4.2024 11:28:25 CEST | Pressemelding
Ei undersøking frå SINTEF viser at 80 prosent av dei polikliniske pasientane i psykisk helsevern for vaksne og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, har nytte av tilbodet dei får.
Nytt samarbeid aukar tilgangen til internasjonal forsking21.2.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Tilgang til internasjonale publiseringskanalar er ein nødvendig føresetnad for å driva forsking. Ein ny avtale aukar tilgangen til tidsskrift, fagbøker og farmasiressursar.
Millionar spart på legemiddelavtalar gir behandling til fleire pasientar20.2.2024 09:44:52 CET | Pressemelding
Gode innkjøpsavtalar for legemiddel i Helse Vest gjer det mogleg å behandle fleire pasientar for same pengepotten.
Nye styre i helseføretaka i Helse Vest30.1.2024 10:42:33 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet har fått nye styre, som vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, 30. januar 2024. Her er oversikta.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom