Den norske kirke

Kyrkja manglar frivillige

Del

Statistikken for 2023 viser at Den norske kyrkja har eit breitt omsorgstilbod og sosialt arbeid gjennom året. Samtidig manglar om lag kvar femte frivillige, samanlikna med tala før pandemien. 

Den norske kyrkja har meir enn 77 000 frivillige medarbeiderar. – Talet er lågare enn før pandemien. Kvar femte frivillige har ikkje «kome tilbake». Vi må framleis sjå på korleis vi rekrutterer og tek vare på dei frivillige. Alle som har tid, evner, lyst eller eit talent kan få bidra som frivillig, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. (Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja).

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste, med nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

I dag vart dei førebelse tala for 2023 offentlege. Dei viser at lokalkyrkja har eit breitt nedslagsfelt innan diakonien. I fjor vart det mellom anna arrangert over 2 500 treff for eldre eller eldrekveldar, nær 3000 gudsteneste på institusjonar og gjennomført meir enn 28 000 besøk av eldre. Gjennom året har prestar og diakonar gjennomført 30 000 sjelesorgsamtalar.

– Diakonien er kyrkja si omsorgsteneste, evangeliet i handling, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

405 kyrkjelydar har tilbod om integrering retta mot innvandrarar og 391 har tilbod spesifikt retta mot menneske med funksjonshemming. 366 kyrkjelydar har tilbod om faste, organiserte middagsfellesskap.

– Desse tala viser noko av alt det mange kyrkjelydar gjer for sitt lokalmiljø. Samtidig yter ikkje tala rettferd til all innsatsen som tilsette og frivillige legg ned, for det skjer så mykje forskjellig og vi har ikkje tal på alle deltakarane på dette, seier Raaum.

Før jul i 2023 fekk kyrkja ekstra midler frå regjeringa, som mellom anna gjekk til matkasser, opne julefeiringar og juletrefestar.

Manglar frivillige

Talet på frivillige er på veg opp etter pandemien, med ein liten oppgang i talet frivillige enn året før. I 2023 vart det rapportert inn 77 399 frivillige i Den norske kyrkja.

Samtidig er dette ein nedgang frå før pandemien. I 2015 vart det høgste frivillige registrert med 98 000 frivillige, og før pandemien i 2019 var det 94 964 frivillige.

– Frivillige gjer ein uvurderleg innsats i Den norske kyrkje, og det er gledeleg at den frivillige innsatsen er på veg opp etter pandemien, seier kyrkjerådsleiaren som samtidig etterlyser fleire frivillige: 

– Samtidig er talet lågare enn før pandemien. Kvar femte frivillige har ikkje «kome tilbake». Vi må framleis sjå på korleis vi rekrutterer og tek vare på dei frivillige. Alle som har tid, evner, lyst eller eit talent kan få bidra som frivillig – anten dei vil bidra inn i arbeid for barn og unge, besøke eldre, arrangere gudsteneste eller bidra som musikar på konsert.

Nøkkelord

Kontakter

Anders Emil KaldholPressekontakt og konstituert nestleder, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Tel:98801428ak547@kirken.no

Bilder

Den norske kyrkja har meir enn 77 000 frivillige medarbeiderar. – Talet er lågare enn før pandemien. Kvar femte frivillige har ikkje «kome tilbake». Vi må framleis sjå på korleis vi rekrutterer og tek vare på dei frivillige. Alle som har tid, evner, lyst eller eit talent kan få bidra som frivillig, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. (Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja).
Den norske kyrkja har meir enn 77 000 frivillige medarbeiderar. – Talet er lågare enn før pandemien. Kvar femte frivillige har ikkje «kome tilbake». Vi må framleis sjå på korleis vi rekrutterer og tek vare på dei frivillige. Alle som har tid, evner, lyst eller eit talent kan få bidra som frivillig, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. (Foto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja).
Last ned bilde

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye