Medietilsynet

Avisene kan søke om 424 millionar kroner i produksjonstilskott

Del

Medietilsynet opnar no for søknader om årets produksjonstilskott, som er den største direkte mediestøtteordninga for norske aviser.

Kvinnelig journalist gjør klar opptaksutsyr. Uskarpt i bakgrunnen er det flere journalister, som ser ut til å vente på noe som skal skje.

Produksjonstilskottet, ofte omtala som pressestøtta, bidrar til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga likestiller papir- og nettaviser, og det er Medietilsynet som forvaltar ordninga. 

Støtta er i år på om lag 424 millionar kroner, mot 408 millionar kroner i fjor.   

Søknadsfristen er 15. mars.

Nye søkarar må melde seg

Søkarar som ikkje har fått produksjonstilskott tidlegare, må melde frå på produksjonstilskudd@medietilsynet.no innan 1. mars, slik at Medietilsynet kan vurdere om mediet er kvalifisert for støtte. 

Medietilsynet er avhengig av økonomisk informasjon om avisene frå føregåande år før vi kan gjere ferdig saksbehandlinga. Denne informasjonen er først tilgjengeleg etter sommaren. Endeleg vedtak om kven som får produksjonstilskott for 2024, kjem derfor til hausten.

Fakta om produksjonstilskottet 

  • Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år er støtta på 424,4 millionar kroner.  

  • I fjor blei støtta fordelt på 156 aviser. Kor mange aviser som får støtte i år, og kor mykje dei får, blir klart til hausten. 

  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt for første gong i 1969. 

  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader. 

  • Regelverket for ordninga ble sist modernisert i 2023 for å imøtekome utviklinga på mediefeltet 

  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser. 

  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd i nyhets- og aktualitetsmedier, som seier noko om blant anna innhald, antal eigenproduserte saker, antal abonnentar og driftsøkonomi. 

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye