Medietilsynet

Discovery må betale etter brot på sponsorreglar

Del

TV-selskapet Discovery får eit gebyr på 300 000 kroner frå Medietilsynet etter å ha brote regelen om identifisering av sponsor ved fleire høve.

Bilde av hånd som holder en fjernkontroll. Uskarpt i bakgrunnen er det en tv-skjerm.

I samband med eit planlagt tilsyn med TVNorge hausten 2023 avdekte Medietilsynet fleire brot på regelen om varigheita for sponsoridentifiseringar. Brota vart funne i programma «Kongen befaler», «16 ukers helvete» og «Jaget».  

I tillegg inneheldt sponsoridentifiseringa for filmen «Wonka» ulovleg tilleggsinformasjon i form av utsegnene «Årets julefilm» og «på kino fra 8. desember». Det er ikkje lov å ha slagord, utsegn eller eigenskapar ved produktet eller tenesta på slike plakatar. 

– Hovudformålet med sponsoridentifiseringar er å opplyse om at programmet er sponsa, slik at sjåarane kan vere ekstra årvakne i møte med det redaksjonelle innhaldet. Det er klare reglar for kor lenge sponsorar kan identifiserast i program og kva slags tilleggsinformasjon som kan stå på på sponsorplakatar, fortel Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Samd i Medietilsynets vurderingar

Kringkastingslova tillèt at kvar enkelt sponsor kan bli identifisert i totalt ti sekund for kvar heile time programmet varer. I programma som blei kontrollerte, blei sponsorane identifiserte i 20 sekund i løpet av ein time.  

I tilfellet «Wonka» meiner Medietilsynet at tilleggsinformasjonen på sponsorplakaten var ulovleg. Reglane seier at sponsorplakatar kan ha namnet, logoen, produktet eller tenesta til sponsor. Utforminga skal vere nøytral, slik at ho ikkje står fram som eit ordinært reklameinnslag. 

Discovery opplyser til Medietilsynet at brota på regelverket ikkje var tilsikta. Selskapet viser til at dei omgåande sette i verk tiltak og at feila blei retta opp. Samtidig gjennomførte selskapet ein grundig gjennomgang av framtidige timeplanar og rutinar. 

Får gebyr etter gjentakingar

Størrelsen på gebyret er fastsett av Medietilsynet etter ei totalvurdering. Blant anna er det sett på kor grove regelbrota er og kor store sponsormidlar produksjonen har fått. I denne saka har Medietilsynet også lagt vekt på at Discovery har brote same regel fleire gonger dei siste åra. På bakgrunn av dette er gebyret sett til 300 000 kroner.   

– Av omsyn til sjåarane er det viktig at reglane om identifisering av sponsor blir følgde. Dette er reglar som Discovery er godt kjent med, og dei har fått åtvaring for brot på desse tidlegare. Medietilsynet har derfor vurdert at eit gebyr er den mest formålstenlege sanksjonsforma denne gongen, seier Sekkelsten.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye