Medietilsynet

Forbod mot radio- og tv-reklame 1. juledag

Del

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame søndag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.

Ein mann ser på tv

Forbodet mot å sende reklame 1. juledag gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bi utsett for kommersielle buskapar gjennom media desse høgtidsdagane.  

På tv og i radio er ikkje tillaten å sende reklameinnslag på følgjande dagar: Langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag, og 1. juledag 

– Kringkastarane overheld som regel reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet. 

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbu mot å sende reklame. 

På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame dei fire dagane i året.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye