Forskningsrådet

Ruter vinn Forskingsrådets innovasjonspris

Del

Innovasjonsprisen heidrar forskingsbasert innovasjon. I år går prisen til transportselskapet Ruter og det banebrytande arbeidet deira med kunstig intelligens.

Ruter har dei siste åra bygd opp eit av dei mest framoverlente KI-miljøa i landet.  Statsminister Støre overrekte prisen under Forskingsrådets 30-årsjubileum. Foto: Stine Østby
Ruter har dei siste åra bygd opp eit av dei mest framoverlente KI-miljøa i landet. Statsminister Støre overrekte prisen under Forskingsrådets 30-årsjubileum. Foto: Stine Østby

– Kunstig intelligens forandrar samfunnet på måtar vi enno ikkje forstår rekkjevidda av. Vi skal vere offensive i møte med den raske teknologiutviklinga: vi skal støtte opp om kreative løysingar som folk kan ha glede og nytte av, samtidig som vi er merksame på dei utfordringane som høyrer med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.

Forskingsrådet deler ut innovasjonsprisen årleg til ein person eller verksemd som har brukt forsking strategisk i innovasjonsarbeidet sitt. Statsminister Støre overrekte prisen under Forskingsrådets 30-årsjubileum 17. november.

– Eg er veldig glad for å få Forskingsrådets innovasjonspris på vegner av Ruter og alle dei flinke og innovative medarbeidarane våre. Forsking på kunstig intelligens hjelper oss med å forbetretenestene våre. Eit godt offentleg transporttilbod er avgjerande for ein god og berekraftig by, seier administrerande direktør i Ruter Bernt Reitan Jenssen.

Transportselskapet Ruter har dei siste åra bygd opp eit av dei mest framoverlente KI-miljøa i landet og satsar på KI med utgangspunkt i berekraftig rørslefridom for kundane. Dei har utvikla eigne språkmodellar og leiger datakraft frå kvantedatamaskiner for å gjere kalkulasjonane sine. Dette gjer mellom anna Ruter i stand til få brukarinnsikt på heilt nye måtar. Ved til dømes å kartleggje språkbruk i sosiale medium i tilbakemeldingane til Ruter, kan dei ved hjelp av kunstig intelligens finne område og ruter som er særleg utfordrande. 

– Vinnaren av innovasjonsprisen i år viser på imponerande vis kva moglegheiter som ligg i den digitale økonomien, i kunstig intelligens og i å ha søkelys på kunden. Eg vil gratulere Ruter på det aller varmaste, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Sundli Tveit trekkjer fram at det er viktig med ein styrkt forskingsinnsats for å sikre at utviklinga av kunstig intelligens bidreg til berekraftig utvikling og verdiskaping, og at dette skjer samtidig med at vi gjer det vi kan for å unngå utilsikta konsekvensar. Ho rosar regjeringa som nyleg har lansert ei satsing på forsking på kunstig intelligens på 1 milliard kroner.

Formidabel innovasjonsevne

Forskingsrådet fekk over 50 nominerte og enda med fem finalistar. Forutan Ruter, vil juryen særleg rose:

  • Aker Carbon Capture AS for dei kommersielle anlegga sine for punktutsleppsfangst av CO2  
  • Cicero for tverrfagleg forsking som leidde til oppstartselskap innanfor grøn finans 
  • Ø. Bruland og R. Larsen for idé, FoU og næringsutvikling med klinisk nytte og store effektar 
  • Orkel AS for gjennom tverrfagleg FoU å ha internasjonal suksess med landbruksmaskinene sine  

– Vi hadde i år svært mange nominerte og det er mange i Kunnskaps-Noreg som fortener honnør for ei formidabel innovasjonsevne og bidrag til løysingar for eit betre samfunn, seier Sundli Tveit.

Juryen består at Forskingsrådets styremedlemmer og administrerande direktør.

Grunngivinga for tildelinga 

Vinnaren i år har over lang tid teke i bruk data frå køyretøy, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar og utvikla nye tenester til kundane sine og som avgjerdsstøtte i utviklinga av eiga verksemd. Selskapet har sett seg som mål å vere ein del av løysinga for å gjere omgivnadene sine meir klimavennlege og brukarvennlege.  

Verksemda har eit komplekst tenestetilbod til ei svært samansett kundegruppe som har ulike behov og høge forventningar til tenestene.  

Vinnaren byggjer kompetanse innanfor kunstig intelligens og har mellom anna utvikla eigne språkmodellar. Som nokon av dei første i Noreg bruker dei datakraft frå kvantedatamaskiner i arbeidsprosessane. Dei kartlegg språkbruk i sosiale medium om opplevingane til kundane og bruker data frå køyretøy til å identifisere forbetringspunkt for drifta. Selskapet bruker forsking strategisk, mellom anna ved å delta i store EU-prosjekt.  

På denne måten kjem dei stadig nærare visjonen om "berekraftig rørslefridom".  

Vinnaren i år er Oslo og Viken sitt selskap som samordnar, bestiller og marknadsfører kollektivtrafikken i Oslo og delar av Viken, altså halvparten av all kollektivtransport i landet, og i alt ca 400 millionar reiser årleg. Vinnaren i år er Ruter AS!  

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Forskningsrådet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forskningsrådet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forskningsrådet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye