Inga Strümke er årets forskingsformidlar
Inga Strümke ved NTNU er tildelt Forskingsrådets formidlingspris 2023 for formidling om kunstig intelligens. Strümke får prisen for stort engasjement og utmerkt formidlingsevne, kombinert med høg fagleg kunnskap.
Juryen vektlegg at Strümke får prisen fordi ho i formidlinga si er oppteken av både på den faglege utviklinga av feltet kunstig intelligens og av korleis kunstig intelligens har innverknad på samfunnet. Ho deltek med stort engasjement i samfunnsdebatten om eit komplisert forskingsfelt som har konsekvensar for heile samfunnet.
– Gratulerer så mykje til Inga Strümke med formidlingsprisen! Vi treng uredde forskarar innan alle fag som deler kunnskapen sin. Strümke har verkeleg imponert med å opplyse og synleggjere samfunnsdebatten på eit så viktig felt som kunstig intelligens, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.
Juryen vektlegg også at prisvinnaren gjennom eit mangfald av kanalar debatterer og formidlar nyansert og ope om positive og negative konsekvensar av teknologiutviklinga.
– Denne prisen er høgst fortent, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. Strümke er ein fantastisk formidlar som skaper entusiasme for naturvitskap, teknologi, kunstig intelligens og viktige samfunnsspørsmål – prisvinnaren er rett og slett ein framifrå rollemodell, seier Sundli Tveit.
Inga Strümke er har doktorgrad i partikkelfysikk og er førsteamanuensis ved institutt for datateknologi og informatikk, NTNU, der ho forskar på kunstig intelligens. Strümke har på kort tid vorte den mest synlege forskaren og formidlaren innanfor kunstig intelligens i Noreg. Ho har ein omfattande formidlingsaktivitet bak seg, inkludert bestseljaren Maskiner som tenker.
– God formidling er ein føresetnad for ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Engasjement, fagkunnskap og evne til framifrå formidling skal kjenneteikne dei som får formidlingsprisen frå Forskingsrådet. Inga Strümke er eit strålande døme på dette, seier Sundli Tveit.
Juryen for formidlingsprisen er:
- Anine Kierulf (førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo)
- Alexandra Beverfjord (konserndirektør, Aller Media AS)
- Asle Haukaas (kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet)
- Christian Lund (spesialrådgivar, Forskingsrådet)
Tidlegare vinnarar av Forskingsrådets formidlingspris:
- 2022: kjemikar Alexander Sandtorv
- 2021: Anne Spurkland, professor i anatomi og forskar på molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo
- 2020: Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for naturforvaltning ved NMBU
- 2019: Audun Rikardsen, professor i arktisk og marin biologi ved Noregs arktiske universitet, Universitetet i Tromsø.
- 2018: Bjørn Samset ved CICERO senter for klimaforsking
Kontakter
Thomas EvensenForskningsrådet
Tel:91753760tev@rcn.noFølg pressemeldinger fra Forskningsrådet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forskningsrådet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forskningsrådet
100 millioner kroner til kommersialisering av forskning7.4.2024 10:50:00 CEST | Pressemelding
21 forskningsprosjekter med lovende kommersielt potensial får nå støtte for å ta de neste stegene fra forskning til marked. Blant annet utvikles det et instrument som måler kvaliteten på kjøtt, et 3D-syn system drevet av kunstig intelligens og en urintest for blærekreft.
Mer forskning i norsk næringsliv18.2.2024 11:00:00 CET | Pressemelding
Næringslivets investeringer i forskning og utvikling øker, og norske bedrifter utførte forskning og utviklingsarbeid (FoU) for 42,8 milliarder kroner i 2022. Dette er i overkant av 4,5 milliarder kroner mer enn i 2021.
Skal opprette forskningssentre for kunstig intelligens8.2.2024 06:55:00 CET | Pressemelding
Sommeren 2023 satt regjeringen av minst en milliard kroner til forskning på kunstig intelligens. Nå er det klart at KI-milliarden brukes på å opprette fire til seks forskningssentre for kunstig intelligens.
110 millionar kroner til helseforsking2.2.2024 06:55:00 CET | Pressemelding
Åtte forskingsprosjekt skal bidra til meir innovasjon i dei offentlege helsetenestene. Dei skal og auke samarbeidet mellom næringslivet og offentleg sektor. Prosjekta skal mellom anna utvikle radarar for automatisk overvaking av pusten til pasientar, nye verktøy for meir datadeling i helsesektoren og løysingar for å førebygge og handtere skadeleg seksuell åtferd i skulen.
216 millioner til forskning på fornybar energi18.12.2023 06:55:00 CET | Pressemelding
Forskningsrådet investerer i 25 nye prosjekter innen fornybar energiproduksjon, energibruk og kraftsystemet. Alle prosjektene ledes av bedrifter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom