UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

JONASPRISEN 2023: Gjer det NAV ikkje fekk til åleine

Del
På få år har stiftelsen Helt Med skapt over 250 ordinære arbeidsplassar til arbeidshungrige personar på uføretrygd. No vert det lagd ein ny modell i NAV, inspirert av Helt Med-modellen.
– Ei glede i kvardagen å vere saman med dyra og å stå og møke. Du får tankane på noko heilt anna og tida går fort, seier Pernille Sofie Bjerknæs som er stallmedarbeidar ved Alna Ridesenter, her saman med Betzy og jobbspesialist Kenan Hadzijusufovic. Foto: Shane Colvin / UiO

– Norsk arbeidsliv er langt frå så inkluderande som det burde vere. Det er på høg tid at alle får bli med i arbeidslivet, seier dagleg leiar Jarle Eknes i Helt Med.

– Vi har difor rigga ein modell som gjer det lettare for personar med uføretrygd å kome inn i arbeidslivet og lettare for arbeidsgivarar å seie ja til å vere inkluderande, seier Eknes.

På seks år har stiftelsen bidratt til å opprette over 250 ordinære stillingar for arbeidslystne uføretrygda i over 40 norske kommunar.

Men mange står framleis utanfor: Berre ein av fire personar med utviklingshemming har ein jobb å gå til, og nesten ingen av desse stillingane er i ordinært arbeidsliv.

Langt under halvparten av dei 108 000 funksjonshindra arbeidstakarane med heil eller delvis arbeidsevne, er sysselsette i dag, ifølgje SSB og NOU 2023: 13 På høy tid.

– Gjennom sin gode modell for oppfølging av arbeidstakarar og arbeidsgivarar har stiftelsen Helt Med på ein truverdig måte vist at ingen treng å vere utanfor, og at alle menneske har viktige ressursar som bør komme samfunnet til gode, seier Øistein Anmarkrud, leiar for Jonasprisjuryen.

– Jobben min betyr alt

Alna Ridesenter rett utanfor Oslo er ein av dei 250 arbeidsgivarane i Helt Med-familien Stallmedarbeidar Pernille Sofie Bjerknæs (26) får ikkje skrytt nok av ridesenteret, stiftelsen og hestane.

– Jobben min betyr alt for meg, seier ho. – Tenk kor kjedeleg eg hadde hatt det om eg ikkje kunne kome hit. Det er så mange i min alder med lærevanskar som sit heime og ikkje har noko å gjere, noko å gå til. Dei berre sit i sofaen. Eg synest synd i dei, seier ho.

Bjerknæs seier ho skulle ønske at regjeringa ville fokusere meir på dei som har lærevanskar slik at fleire kan få seg ein jobb.

– Utan Helt Med hadde eg ikkje hatt noko å gå til i dag. Eg har fått draumejobben, og det er eg glad for, seier ho.

Trekkjer seg aldri ut

Arbeidsinkluderingsmodellen til Helt med er utvikla av Jarle Eknes og partnar Jann Aasbak. Og den er enkel: Jobbspesialistar ved stiftelsen samarbeider med potensielle arbeidsgivarar om å snikre i hop stillingar bedrifta treng og som ein uføretrygda kan utføre.

Dernest tek stiftelsen ansvar for rekrutteringsprosessen og den fire vekers praksisperioden. Etter fire veker vert åtte av ti tilbydd fast jobb. Først då skal dei lønast av arbeidsgivar.

Og jobbspesialistane gir seg ikkje med dette: dei følger opp arbeidsgivar og -takar utan tidsavgrensing.

– Dette er det unike med oss: Vi er ikkje med på eit stunt for å få i gang eit arbeidsforhold og ei lita stund etterpå. Vi trekkjer oss aldri ut, seier Jarle Eknes.

Målet framover er å skape minst hundre nye arbeidsplassar for denne målgruppa kvart år.

– I mange tiår har personar med utviklingshemming og lærevanskar blitt fortrengd frå arbeidslivet. Ingen er tent med det, verken dei som står utanfor eller samfunnet elles, seier han.

Om Jonasprisen

Jonasprisen er ein ærespris etablert i 1984 som årleg vert tildelt ein person, organisasjon eller institusjon som har medverka til å skape eit romslegare og meir tolerant samfunn, der menneskeleg variasjon og personlege særtrekk vert sett på som ein rikdom og ikkje eit problem. Æresprisen er kalla opp etter Jens Bjørneboes roman, Jonas, frå 1955. Det er Institutt for spesialpedagogikk som deler ut prisen.

Juryen: Øistein Anmarkrud (leiar), Ona Bø Wie, Ellen Irén Brinchmann og Grete Indahl.

Nokre tidlegare vinnarar: Johann Olav Koss, Margreth Olin, Lars Monsen, Wenche Foss, Ingvar Ambjørnsen, Herbjørg Wassmo, Simon Flem Devold, Kjersti Horn, Pøbelprosjektet, Mari Storstein, Leo Ajkic og NRK Super.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

– Ei glede i kvardagen å vere saman med dyra og å stå og møke. Du får tankane på noko heilt anna og tida går fort, seier Pernille Sofie Bjerknæs som er stallmedarbeidar ved Alna Ridesenter, her saman med Betzy og jobbspesialist Kenan Hadzijusufovic. Foto: Shane Colvin / UiO
– Ei glede i kvardagen å vere saman med dyra og å stå og møke. Du får tankane på noko heilt anna og tida går fort, seier Pernille Sofie Bjerknæs som er stallmedarbeidar ved Alna Ridesenter, her saman med Betzy og jobbspesialist Kenan Hadzijusufovic. Foto: Shane Colvin / UiO
Last ned bilde
– Jobben min betyr alt for meg, seier Pernille Sofie Bjerknæs. – Tenk kor kjedeleg eg hadde hatt det om eg ikkje kunne kome hit. Det er så mange i min alder med lærevanskar som sit heime og ikkje har noko å gjere, noko å gå til. Dei berre sit i sofaen. Eg synest synd i dei, seier ho.

Adam Berge er ikkje berre fast tilsett servicemedarbeidar ved Eiganes skule i Stavanger, der han blant anna sørger for trygge leikeapparat for dei minste. Han er også ambassadør for Helt Med lokalt i Rogaland og under Arendalsuka nasjonalt. No gler han seg til å flytte inn i si eiga leilegheit som står ferdig neste år. Foto: Monica Bjermeland / UiO

– Då vi utvikla Helt Med-modellen, hadde vi som mål å endre NAV. Vi ville vise kva som skulle til for å lykkast med arbeidsinkludering i ordinært arbeidsliv for vår målgruppe, og at vår måte å gjere det på kunne bli et nytt verkemiddel i NAVs verktykasse. Det har stortinget no vedtatt at skal skje, fortel Jarle Eknes. Foto: Shane Colvin / UiO

Artisten Beharie spelte under seremonien. Foto: Shane Colvin
Artisten Beharie spelte under seremonien. Foto: Shane Colvin
Last ned bilde
Oslos ordførar Marianne Borgen heldt tale under prisutdelinga. Foto: Shane Colvin
Oslos ordførar Marianne Borgen heldt tale under prisutdelinga. Foto: Shane Colvin
Last ned bilde
Stolte mottakarar av Jonasprisen 2023: Pernille Sofie Bjerknæs, Jarle Eknes og Adam Berge. Foto: Shane Colvin
Stolte mottakarar av Jonasprisen 2023: Pernille Sofie Bjerknæs, Jarle Eknes og Adam Berge. Foto: Shane Colvin
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Postboks 1161 Blindern
0318 Oslo

http://www.uv.uio.no

Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo er landets ledende utdannings- og forskningsmiljø i utdanningsvitenskap.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Det første tegnet på at et språk er i ferd med å dø, er at barna slutter å snakke det5.2.2024 08:00:00 CET | Pressemelding

De samiske språkene er truet. Flere og flere elever forlater samisk opplæring og går over til undervisning på norsk. Dette vil norske forskere få en bedre forståelse av, slik at det er mulig å gjøre noe med. — Forskningen vår kan bidra til å styrke samisk språkopplæring ved å gi oss kunnskap om hva som hemmer og fremmer bruk av samisk, sier Kathrin Olsen, førsteamanuensis ved Nord universitet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye