NTB

NTB og Nynorsk pressekontor med ny samarbeidsavtale – løftar fram nynorsken

Del

NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) har signert ein ny samarbeidsavtale for dei neste fem åra. Saman skal dei løfte fram nynorsken til det norske medielandskapet, også gjennom språkteknologi. 
– Saman er vi nynorsk dynamitt, seier sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB.

Meir nynorsk i media! Nyheitsbyrået NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) inngår ein ny samarbeidsavtale, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk framfor bokmål i framtida. Frå venstre: dagleg leiar og ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland. Foto: Javad Parsa / NTB
Meir nynorsk i media! Nyheitsbyrået NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) inngår ein ny samarbeidsavtale, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk framfor bokmål i framtida. Frå venstre: dagleg leiar og ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland. Foto: Javad Parsa / NTB Foto: Javad Parsa / NT

Nynorsk pressekontor har eksistert sidan 1969 og er i dag drive av ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor (SNPK). Stiftinga har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i pressa. Sidan 2007 har NPK hatt ein samarbeidsavtale med NTB om å drifte redaksjonen i NPK.

– Dette er vinn-vinn – for NPK, for NTB og for nynorsken. Utan det tette, svært innovative og konstruktive samarbeidet dei siste åra hadde vi aldri vore der vi er i dag, seier dagleg leiar og ansvarleg redaktør for NPK, Jan Inge Fardal.

NPK har sidan 2018 bygd opp den opne kjeldekoden Apertium, som blir nytta i Nynorskroboten. 

– Språk og ikkje minst nynorsken er i konstant utvikling. Difor vil vi halde fram med å videreutvikle Apertium. Samarbeidsavtalen med NTB gjer det praktisk mogleg. Vi har søkt om midlar til å halde fram med utvikling og vedlikehald av roboten, seier Fardal. 

Meir nynorsk i media

– Med teknologien vi no tilbyr i Nynorskroboten, kan du omsetje ein tekst frå bokmål til nynorsk på sekundet. Som verktøy er dette heilt rått. Det er inga unnskyldning for å ikkje lage ei sak også på nynorsk lenger, seier sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Tina Mari Flem. 

Saman med NPK løftar no NTB denne satsinga også innomhus, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk i framtida. 

Styreleiar i NPK Tom Hetland er nøgd.
– Avtalen representerer ei vidareføring av det gode og tillitsfulle samarbeidet NPK og NTB har hatt gjennom mange år, seier han. For NPK er det nyttig og inspirerande å vere del av eit større redaksjonelt miljø. Suksessen som NPK med god hjelp frå NTB har hatt med Nynorskroboten, er eit godt utgangspunkt for vidare samarbeid om bruk av språkteknologi innanfor journalistikken. Vi gler oss over den sterke viljen i NTB til å støtte opp om det som er hovudføremålet med NPK – meir nynorsk i media.

– Dette er eit godt eksempel på at vi som heile Noregs nyheits- og medieteknologibyrå kan gå føre og komme med løysingar som gjer språkkvardagen enklare, avsluttar Tina Mari Flem i NTB. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Meir nynorsk i media! Nyheitsbyrået NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) inngår ein ny samarbeidsavtale, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk framfor bokmål i framtida. Frå venstre: dagleg leiar og ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland. Foto: Javad Parsa / NTB
Meir nynorsk i media! Nyheitsbyrået NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) inngår ein ny samarbeidsavtale, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk framfor bokmål i framtida. Frå venstre: dagleg leiar og ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland. Foto: Javad Parsa / NTB
Last ned bilde

Om NTB

NTB er et uavhengig, norsk nyhetsbyrå. Vi produserer og leverer nyheter, visuelt innhold, underholdning, kommunikasjonstjenester og teknologi.

NTBs redaksjoner følger nasjonale og internasjonale nyheter døgnet rundt. Hver dag leverer våre journalister og fotografer redaksjonelt innhold til nærmere 200 medier. 

Vi er i front med innovativ teknologiutvikling for mediemarkedet, som automatisert journalistikk og mediebank.

Med 400 millioner bilder og videoer er vi Nordens største bildebyrå. Bildearkivet vårt inneholder historiske bilder tilbake til 1800-tallet og representerer Norges visuelle nyhetshukommelse.

Følg pressemeldinger fra NTB

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NTB på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NTB

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye