UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Podkast: Kan betre rettleiing løyse rekrutteringskrisa til læraryrket?

Del
─ Dei forskingsbaserte verktøya kan gjere rettleiinga meir konkret og meir rett på sak, seier lærar med brei erfaring. Men er det her løysinga til rekrutteringskrisa finst?

Tove Seiness Hunskaar og Ingeborg Øvern deler av kunnskap og erfaringar om korleis ein kan forbetre rettleiinga. Hunskaar er stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. Øvern er lektor i norsk og historie ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.

─ Det er viktig å gi nyutdanna gode opplevingar tidleg, men kanskje også førebu dei på at ikkje alt kan lærast på lærarutdanninga, men må lærast i yrket. Og der kjem god rettleiing av nyutdanna lærarar inn, seier Hunskaar.

Høyr episoden på Spotify: https://open.spotify.com/episode/6ISV2gFd8mPARATzpjz7yd 

Både Hunskaar og Øvern er samde om at det er viktig å ruste dei nye lærarane for ein krevjande kvardag.

For det er mange forventingar til nye lærarar, og desse må i større grad avklarast, seier dei to.

─ Det kan også vere hensiktsmessig at det vert gitt ein enklare start for dei nye lærarane ved skulane, seier Hunskaar.  Kanskje dei «gamle ringrevane» kan ta dei mest utfordrande klassane?, spør ho.

─ Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida, og det må vi vise dei nye lærarane. Og vi som jobbar på skulane må ta eit felles ansvar for dei nye lærarane som kjem til skulen, seier Øvern.

Forskingsbaserte verktøy for rettleiing

For å gjere rettleiinga meir konkret kan samtaleverktøy vere til hjelp.

Hunskaar og forskarkollegaene har utvikla ei rekke slike verktøy i prosjektet «Verktøy for veiledning».

Til dømes avgjerdssimulatoren. Her kan nye lærarar få testa seg på ulike utfordrande situasjonar ein kan møte på i klasserommet.

Øvern har bidradd med sine erfaringar og fortel om korleis den kan nyttas på ein konkret måte i rettleiingssamtalar.

Kan betre rettleiing løyse rekrutteringskrisa til læraryrket?

Både Hunskaar og Øvern er samde om at det er viktig å ruste dei nye lærarane for ein krevjande kvardag.

For det er mange forventingar til nye lærarar, og desse må i større grad avklarast, seier dei to.

─ Vi lærarar er sårbare og gjer feil heile tida, og det må vi vise dei nye lærarane. Og vi som jobbar på skulane må ta eit felles ansvar for dei nye lærarane som kjem til skulen, seier Øvern.

For spørsmål og utfyllende kommentarar:

Magnus Heie ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, Det utdanningsvitenskapelege fakultet, UiO

Telefon: 97605224

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Postboks 1161 Blindern
0318 Oslo

http://www.uv.uio.no

Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo har som sin visjon å forme framtidas skole gjennom lærer- og skolelederutdanning og skolerettet forskning og er et nasjonalt ledende miljø på disse områdene. 

Instituttet er Norges ledende miljø innen fagdidaktikk, utdanningsledelse og praksisrelevant skoleforskning.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Det første tegnet på at et språk er i ferd med å dø, er at barna slutter å snakke det5.2.2024 08:00:00 CET | Pressemelding

De samiske språkene er truet. Flere og flere elever forlater samisk opplæring og går over til undervisning på norsk. Dette vil norske forskere få en bedre forståelse av, slik at det er mulig å gjøre noe med. — Forskningen vår kan bidra til å styrke samisk språkopplæring ved å gi oss kunnskap om hva som hemmer og fremmer bruk av samisk, sier Kathrin Olsen, førsteamanuensis ved Nord universitet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye