Sparebanken Vest

Ny Vestlandsindeks: Vestlandsbedriftene opp frå botnmålinga

Del
Pilene peikar igjen litt oppover for vestlandsbedriftene etter den rekordlåge målinga før jul. Svak krone gir gunstige tilhøve for særleg eksportbedrifter og for turistnæringa her heime.

– Vestlandsbedriftene seier at resultatet er betre enn dei frykta, og for dei neste seks månadene så trur bedriftene at tidene kanskje blir litt betre.

Det seier Remy Atle Bilsback, senior valuta- og rentemeklar i Sparebanken Vest.

Pilene peikar litt opp

Bilsback sit med den ferske Vestlandsindeksen for første kvartal 2023 framføre seg, og han er letta over å sjå at pilene igjen peikar litt oppover. Vestlandsindeksen er ein kvartalsvis temperaturmålar for næringslivet på Vestlandet, og sist kvartal var målingane mørke.

I dei første månadene av 2023 har den negative trenden snudd. Resultatindeksen, som viser den økonomiske utviklinga for bedriftene dei siste tre månadene, stig frå 54,4 i fjerde kvartal 2022 til 56,2 i første kvartal 2023.

– Sjølv om trenden har snudd, er han framleis langt under det historiske gjennomsnittet på 59,8, seier Bilsback.

Vestlandsbedriftene er også lett optimistiske med tanke på det neste halve året, trass tøffe tider. Forventningsindeksen, som viser kva forventningar bedriftene har til marknadssituasjonen dei neste seks månadene, viste historisk lave forventningar fjerde kvartal 2022. I første kvartal 2023 har negativiteten snudd, og indeksen stig 6,8 poeng til 58,4.

Dreg nytte av svak krone

Særleg verksemder som dreg nytte av den svake krona ser lyst på det, forklarer valuta- og rentemeglar Mari Aamo Pedersen.

– Eksportbedriftene skil seg ut, med 9,1 poeng høgare resultat enn bedrifter som ikkje eksporterer. Det må vi nok sjå i samanheng med at krona er rekordsvak. Den svake krona er positiv for eksportbedriftene si konkurransekraft, sidan eksportvarene blir relativt billigare for utenlandske bedrifter å kjøpe, seier ho.

Det er særskild tre tilhøve som påverkar krona mykje.

– Det eine er rentedifferansen mellom Noreg og utlandet. Utlandet har sett opp renta i eit raskare tempo enn Norges Bank har gjort. Det andre er energiprisane, som har kome litt ned igjen i 2023. Det tredje forholdet er uroa i finansmarknadene, der vi har hatt veker med turbulens no, seier Aamo Pedersen.

Billigare for turistane

Den svake krona slår også positivt ut for turistnæringa her heime. I overnattings- og serveringsbransjen stig forventningane med heile 17,2 poeng til 60,8.

– Det er kjekt å sjå at turistnæringa, som var nesten beksvart for tre månader sidan, ser lysare på dei neste seks månadene. Den svake krona gjer at turistane kan kjøpe meir og få meir for pengane i Noreg, seier Remy Bilsback.

Mari Aamo Pedersen og Remi Bilsback fra Markets i Sparebanken Vest diskuterer funnene i Vestlandsindeksen og verdensøkonomien.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Remy Bilsback og Mari Aamo Pedersen er valuta- og rentemeglere i Sparebanken Vest.
Remy Bilsback og Mari Aamo Pedersen er valuta- og rentemeglere i Sparebanken Vest.
Last ned bilde
Forventnings- og resultatindeksen for 1. kvartal 2023.
Forventnings- og resultatindeksen for 1. kvartal 2023.
Last ned bilde
Resultat- og forventningsindeks for eksportbedrifter.
Resultat- og forventningsindeks for eksportbedrifter.
Last ned bilde

Lenker

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Fakta om Vestlandsindeksen

  • Ein kvartalsvis temperaturmålar for næringslivet på Vestlandet utarbeida av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse, 
  • Dette er den 44. utgåva, gjennomført mellom over 700 bedrifter på Vestlandet i løpet av første kvartal 2023. 
  • Bedriftene er tilfeldig utvalde med to eller fleire tilsette, fordelt på 200 bedrifter i Rogaland, 200 i Vestland Sør, 200 i Møre og Romsdal, og 100 i Vestland Nord. 
  • Respondentane blir spurte om indikatorar som etterspørsel, sysselsetting, investering og marknadsutsikter dei tre siste månadene og korleis dei ventar at utviklinga skal bli de neste seks månadene. 
  • Indeksen kan være mellom 0 og 100. Eit tal over 50 indikerer at bedriftene har eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye