Samferdselsdepartementet

Utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg

Del

– Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet ønsker å betre rammevilkåra for dei regionale kommersielle flyrutene generelt. Departementet sender difor på høyring eit forslag om på nytt å innføre fritak i den vektbaserte startavgifta for inntil 6 tonn, samt endre innflygingskostnadane. Begge tiltaka vil betre rammevilkåra for den regionale luftfarten og fleire kommersielle ruter.

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut ein konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. april 2019, og det nye tilbodet trer i kraft 1.april 2020. For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive, kjøper staten lufttransporttenester etter ein konkurranse blant flyselskapa. Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav, forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT), til drifta av flyrutene. Desse krava omfattar mellom anna setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.

Ny konkurranse om lufttransporttenester i Sør-Noreg

Konkurransen omfattar følgjande flyruter i perioden 1. april 2020 – 31. mars 2024:

  1. Røros – Oslo.
  2. Førde – Oslo
  3. Sogndal – Oslo
  4. Sandane – Oslo
  5. Ørsta-Volda – Bergen
  6. Sogndal - Bergen
  7. Sandane - Bergen

Samferdselsdepartementet har gjort ei vurdering av om FOT-ordninga skulle bli utvida utover dagens gjeldande virkeområde som er lufthamner drivne av statsaksjeselskapet Avinor. Etter ei samla vurdering har departementet valt ikkje å utvide FOT-ordninga nå. Samstundes vil dei føreslåtte tiltaka for å betre rammelvilkåra for den regionale luftfarten kunne ha ei positiv verknad for kommersielle regionale ruter.

Det nye flyrutekjøpet inneber også at ruta Førde – Bergen ikkje lenger vil vere ein del av det statlege kjøpet av lufttransport etter 1. april 2020. Dette er mellom anna basert på det låge trafikknivået og ei ekstern utgreiing frå Møreforskning Molde AS.

Vidareføring av krava til forplikting til offentleg tenesteyting

I denne konkurransen er det, som i konkurransen for Sør-Noreg frå 1. april 2016, sett krav til setekapasitet per år og minimumskrava til daglege avgangar er vidareført. Dei maksimale billettprisane blir konsumprisjustert.

Moglegheitene for å kombinere fleire ruteområder er utforma med tanke på å leggje til rette for konkurranse og samstundes hente ut stordriftsfordelar som kan gi lågare tilbodsprisar.

Strenge krav til flytryggleik

Samferdselsdepartementet held fram med å stille strenge krav til flytryggleik i konkurransen, men no er alle krav som tidlegare var tilleggskrav i konkurransegrunnlaget tekne inn i forskrift og er dermed ikkje ein del av konkurransegrunnlaget.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Transport21: Korleis skal vi løyse framtidas transportutfordringar18.2.2019 14:55:23Pressemelding

- Digitalisering og autonomi brukt på rett måte kan skape ein betre reisekvardag, effektivisere næringstransporten og hjelpe oss å nå andre viktige mål i transportpolitikken. Teknologi vil også vere avgjerande for å oppnå utslippskutt. Eg er difor glad for at vi gjennom Transport21 no samlar flinke og engasjerte folk som kan gje oss råd om korleis vi best kan innrette innsatsen for forsking og innovasjon i samferdselssektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom