Tilrår ny 420 kV kraftleidning Lyse–Fagrafjell og ny transformatorstasjon ved Fagrafjell
- Kraftleidningen og transformatorstasjonen er naudsynte for å gi god forsyningstryggleik for straum i Sør-Rogaland, inkludert Stavanger og Sandnes. Vi meiner at dagens forsyningstryggleik ikkje er god nok. Dei nye anlegga vil legge til rette for auka straumforbruk, gjere det mogleg å knytte ny kraftproduksjon til nettet og er ein føresetnad for vidare nettutvikling i regionen, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE
Parallelt med eksisterande leidningar
Den nye kraftleidningen vil erstatte ein eksisterande 132 kV leidning på strekninga frå Lysebotn til Seldalsheia i Sandnes. På denne strekninga skal den nye leidningen òg gå parallelt med ein eller to andre 132 kV-leidninger. Verknadane av den nye leidningen på denne strekninga vil etter NVE si vurdering i hovudsak vere at den bli noko meir synleg, fordi den er større enn leidningen som vert erstatta.
Frå Seldalsheia tilrår NVE at Statnett vert gjeve løyve til ein trasé parallelt med eksisterande 132 kV-leidninger fram til Skjelbrei. NVE har vektlagt at det er ein fordel å samle denne typen inngrep i same korridor, framfor å legge nye trasear i område med uberørt natur og viktige friluftsområde. Det er òg i tråd med innspel frå lokale og regionale styresmakter og interesser. Frå Skjelbrei vil leidningen gå i eigen trasé til den nye transformatorstasjonen i masseuttaksområdet ved Fagrafjell. Verknadane av ny leidning frå Seldalsheia til Fagrafjell vil mellom anna vere at den vert synleg i/frå kulturmiljø, friluftsområde og bustader/gardsbruk. Den vil òg kunne vere ein ulempe for gardsdrift, særleg for spreiing av gjødsel med gjødselkanon og tap av godkjent spreieareal i traseen. Auka kollisjonsrisiko for fugl og forstyrring av hekkelokalitetar kan vere andre verknader av leidningen.
Transformatorstasjon i område med masseuttak
Fagrafjell transformatorstasjon ligg nær eit område med eksisterande masseuttak, og stasjonen vil få negative verknader for kulturminne og kulturmiljø. Ein førekomst av kystlynghei vert bygd ned av stasjonen. Ein hubroreirplass kan bli forstyrra av den auka aktiviteten rundt stasjonen. Samstundes er stasjonstomta godt eigna, fordi den ligg godt skjerma for innsyn. Det er god avstand til bustader, og god plass til å føre eksisterande og nye leidningar inn og ut av stasjonen.
Trasear og stasjonstomt er tilrådd ut frå ei samla vurdering av kva for løysingar som gjev minst mogleg negative verknader for område der folk bur og ferdast, for naturmangfald, reiseliv, friluftsliv, kulturminne osv. NVE tilrår òg at Statnett mellom anna vert pålagt å kamuflere kraftleidningen i nokre område, gjennomføre skånsam skogrydding og montere fugleavvisarar på topplinene på utsette strekningar.
Les meir om NVE sine vurderingar og grunngjeving for innstillinga
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf. 416 78 203
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg tlf. 901 93 008
Senioringeniør Tanja Midtsian tlf. 970 83 737
Bilder
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Stor interesse for å bygge ut fornybar kraft i Finnmark25.4.2024 08:00:00 CEST | Pressemelding
Da NVEs frist gikk ut mandag denne uken var det meldt inn 26 kraftprosjekter i Finnmark. Det er langt flere enn det vil være kapasitet til, selv ved en kraftig oppgradering av strømnettet i fylket. Nå starter arbeidet med å prioritere de beste prosjektene. Dette arbeidet vil skje i tett dialog med kommunene.
Nå blir det enklere for flere å følge med på utviklingen av strømnettet19.4.2024 14:15:04 CEST | Pressemelding
Nå kan kommuner, næringsliv og andre interesserte følge med på utviklingen av strømnettet. Nylig ble det obligatorisk for nettselskapene å legge ut alle fremtidige og pågående utbyggingsplaner på PlanNett.
Rolig start på snøsmeltingen i Sør-Norge19.4.2024 13:35:32 CEST | Pressemelding
Snøsmeltingen har startet så smått og det er mer vann enn normalt i vassdragene i Sør-Norge. NVE oppfordrer alle til å forebygge flomskader, ved abonnere på flomvarsler og å rense sluk, grøfter og rør frie for is, kvist og løv.
NVE gir konsesjon til nye Krossberg transformatorstasjon i Stavanger9.4.2024 16:07:48 CEST | Pressemelding
Statnett SF og Lnett AS får konsesjon til å bygge og drive nye Krossberg transformatorstasjon i Stavanger kommune. Samtidig har de fått lov til å rive deler av Stølaheia transformatorstasjon.
NVE gir Statnett tillatelse til å bygge ny koblingsstasjon i Vestby22.3.2024 16:07:33 CET | Pressemelding
Statnett har fått konsesjon til å bygge nye Langerud koblingsstasjon i Vestby kommune. NVE har samtidig gitt tillatelse til å forsterke kaia ved Nesset for å kunne ta imot transport som kommer sjøveien.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom