Samferdselsdepartementet

Stor interesse for forskoteringsordninga for fiskerihamner

Del

– Samferdselsdepartementet fekk i budsjettbehandlinga for 2018 ei forskoteringsordning for fiskerihamne- og farleistiltak. Interessa har vore stor, no avklarar vi kven som får løyve til å forskotere, og dermed raskt realisere prosjekta, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Forskoteringsordninga gjelder fiskerihamne- og farleis prosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029. Samferdselsdepartementet har ein forskoteringsfullmakt på 350 millionar kroner. Departementet har motteke 11 søknadar med ein samla søknadssum på 1 377 millionar kroner. Alle som har søkt får svar om prosessen vidare.

 Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange gode søknader. I første omgang vil Berg kommune (Innsegling Senjahopen), Giske kommune (Gjøsund fiskerihamn) og Gamvik kommune (Gamvik fiskerihamn) bli invitert til møte med departementet om kontraktsinngåing. Dersom det er midlar igjen etter denne runden, vil departementet kontakte andre som har søkt.

 – Vi må halde kostnadane nede og effektiviteten oppe slik at vi får realisert flest mulig av dei gode hamneprosjekta som er viktige for næringslivet langs kysten, seier Dale.

 Stortinget har vedteke at regionene skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamneanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire overgangsordningar knytt til mellom anna overføring av kompetanse og informasjon frå Kystverket til regionane, og forskoteringsordninga Stortinget vedtok er ein viktig del av dette arbeidet.

 – Kvaliteten på søknadane og gjer meg enno tryggare på at regionane er klare og vil handtere det på ein god måte når dei tek over dei statlege fiskerihamneanlegga i 2020, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja18.10.2018 11:00Pressemelding

- Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar. Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom