Kulturminnefondet

Sju millionar kroner til kulturminne i Hordaland

Del

24 eigarar i Hordaland kan gleda seg over nesten sju millionar kroner i støtte til sine kulturminne gjennom Kulturminnefondets første tildelingar i år.

Stord 1 er Noregs største passasjerskip drevet på damp, og har fleire gongar tidlegare blitt gjeve støtte frå Kulturminnefondet. I år har eigarane fått 500.000 kroner til mannskapslugarane på banjerdekk. I den faglege vurderinga står det at fartøyet har stor allmenn verdi, og ei reise med båten gir ein sjeldan oppleving av å reise tilbake i tid, da interiør, materialbruk og utforming er slik det var på 1930-talet. (Foto: Privat/Frå søknad)

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løpande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

- Innføringa av løpande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Lista over dei som har fått støtte i Hordaland:

(Prosjekt, søker, kommune, tilskudd)

  • Nylundsveien 20, Vibecke Zakariassen Rye, Bergen, 84.000
  • Sameiet Fløygaten 19 rehabilitering tak, Sameiet Fløygaten 19, Bergen, 300.000
  • Øvre Heien 6 - fasadar og tak, Annlaug og Dag Stensland, Bergen, 300.000
  • Fana Ungdomshall-utvendige dører, Fana Ungdomslag, Bergen, 27.000
  • Stord I - banjerdekk, Stiftelsen D/S Stord I, Bergen, 500.000
  • Sjøfarendes Aldershjem, Stiftelsen Sjøfarendes Aldershjem, Bergen, 2.800.000
  • Kronstad Hovedgård, Stiftelsen Kronstad Hovedgård, Bergen, 170.000
  • Vanndreven sirkelsag, Bømlo tur og sogelag v/Bernt Emil Vika, Bømlo, 40.000
  • Kvernhus Eintveit, Åkrafjorden, Harald Eintveit, Etne, 100.000
  • Stølsvegen i Kvanndal, Venelaget for Stølsvegen i Kvanndal, Granvin, 400.000
  • Messen kunst- og kulturhus, Stiftinga Messen kunst- og kulturhus, Kvam, 250.000
  • Sunndalsvegen 631 - Sundal Gjestgiveri, Harald Andreassen, Kvinnherad, 470.000
  • Restaurering kisteveite, Claus Sellevoll, Lindås, 186.000
  • Strakstiltak - garveri Ytre Fosse, Tonny Dale, Lindås, 50.000
  • Trevarefabrikk - Nordkvingo, Stein Inge Kvinge, Masfjorden, 93.000
  • Jordkjeller på Husebø, Kari Skjelanger Mjelde, Meland, 125.000
  • Steinløe i Dalstø, Terje Marheim, Meland, 100.000
  • Eldhus Røldal, Kjell Inge Knutsen, Odda, 140.000
  • Hjelletunet, Helene Myhre, Osterøy, 70.000
  • Tradisjonelt kurs i tørrmuring - Trapp og støttemur, Magne Raknes, Osterøy, 30.000
  • Eldhus Austvik - Sveio, Eirik Helland, Sveio, 50.000
  • Hus fra 1895 på Lofthus, Erlend M. Oppedal og Ingvild E. Lutro, Ullensvang, 200.000
  • Utskifting av kledning - Våningshus på Stalheim, Bjørn Stalheim, Voss, 165.000
  • Nyastovo Hustveit, Stiftinga Hustveit gard, Voss, 300.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Stord 1 er Noregs største passasjerskip drevet på damp, og har fleire gongar tidlegare blitt gjeve støtte frå Kulturminnefondet. I år har eigarane fått 500.000 kroner til mannskapslugarane på banjerdekk. I den faglege vurderinga står det at fartøyet har stor allmenn verdi, og ei reise med båten gir ein sjeldan oppleving av å reise tilbake i tid, da interiør, materialbruk og utforming er slik det var på 1930-talet. (Foto: Privat/Frå søknad)
Stord 1 er Noregs største passasjerskip drevet på damp, og har fleire gongar tidlegare blitt gjeve støtte frå Kulturminnefondet. I år har eigarane fått 500.000 kroner til mannskapslugarane på banjerdekk. I den faglege vurderinga står det at fartøyet har stor allmenn verdi, og ei reise med båten gir ein sjeldan oppleving av å reise tilbake i tid, da interiør, materialbruk og utforming er slik det var på 1930-talet. (Foto: Privat/Frå søknad)
Last ned bilde

Lenker

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

Følg saker fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Kulturminnefondet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom