Forsvarsbygg

Sjette kontrakt på støytiltak

Del

Kontrakt om støytiltak på støyømfintlege bygg utanfor Ørland flystasjon blei signert med den lokale bedrifta Fosenhus AS, tysdag 20. februar.

Eigedomssjef Carl Oscar Pedersen og dagleg leiar Håvard Sundseth.
Eigedomssjef Carl Oscar Pedersen og dagleg leiar Håvard Sundseth.

- Vi er nøgd med å få alle gode krefter for utføring av støytiltak med på laget og no også dei lokale entreprenørane Fosenhus, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen.

Fosenhus AS held til i Bjugn kommune og bedrifta har erfaring med støytiltak på hus i nabolaget til Ørland flystasjon frå tidlegare rundar for nokre år tilbake.

- Vi ser fram til å ta tak i oppgåva og å kome i gang, seier dagleg leiar, Håvard Sundseth.

Kontraktens størrelse er på ca. 30 mill. inkl. mva og inneheld tiltak på til saman 111 hus. Planlagt oppstart er i februar/mars og utføring er venta å pågå til april neste år.

Entrepriser støytiltak
Entrepriser for utføring av støytiltak er delt opp i ca. 12-15 uavhengige entrepriser. Til no er følgande bedrifter kontrahert:

Entreprise 1-3: Byggmester Strand AS
Entreprise 4: FVS Entreprenør AS
Entreprise 5: Byggmester Strand AS

Entreprise 7 er planlagt lyst ut på Doffin i mars. Den gjeld utføring av støytiltak på ca. 100 hus.

Status undersøkingar og tiltak
960 av til saman ca. 1300 undersøkingar for tiltak har per midten av februar blitt fullført, mens nær 100 har fått ferdig utført tiltak. Til saman er det per no ca. 440 hus som har fått, får eller ventar å få utført støytiltak.

Nøkkelord

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Eigedomssjef Carl Oscar Pedersen og dagleg leiar Håvard Sundseth.
Eigedomssjef Carl Oscar Pedersen og dagleg leiar Håvard Sundseth.
Last ned bilde
Ca. 1300 hus kring Ørland flystasjon får tilbod om undersøking for støytiltak. Dette gjeld også ein stor del av husa på Brekstad.
Ca. 1300 hus kring Ørland flystasjon får tilbod om undersøking for støytiltak. Dette gjeld også ein stor del av husa på Brekstad.
Last ned bilde

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
PB 405 Sentrum
0103 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.