Nærings- og fiskeridepartementet

Satsar meir på digital kompetanse i havnæringane

Del

Løyver 15 millionar kroner til styrking av digital kompetanse i havnæringane.

Dei norske havnæringane er verdsleiande innan teknologi og kompetanse. Samstundes er desse næringane i rask endring og tek i bruk stadig meir avansert utstyr og operasjonsmetodar om bord på skip, plattformer og havbruksinstallasjonar.

- For å oppretthalde Noregs posisjon som stormakt på havet må vi bli verdsleiande digitalt. Med denne satsinga legg regjeringa til rette for nok og rett kompetanse innafor havnæringane. Det kan bidra til auka verdiskaping og produktivitet i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Satsinga skal bidra til utdanningar som i større grad kan gjere arbeidslivet i stand til å møte behov for omstilling og utnytte moglegheiter i havnæringane som følgjer av auka digitalisering.

- Digitalisering og automatiserte prosessar kan gje tryggare, meir effektiv og meir miljøvenleg produksjon i havnæringane. Vi ønskjer å legge til rette for at dei som skal jobbe i havnæringane får den nødvendige digitale kompetansen. Dette er viktig for vidare utnytting av ressursane i havet, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP).

- Pengane vil bidra til å styrke digitalisering i havrelaterte utdanningar som vert tilbydd av fagskular, høgskular og universitet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa vil i samarbeid med relevante organ vurdere nærare innretning av satsinga og komme tilbake med eit oppdrag om utlysing av pengane.

Nøkkelord

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom