Forsvarsbygg

Sanering av skytebanar i Melbu/Haugtuva skytefelt

Del
Måndag 24. september startar Forsvarsbygg miljøsanering av fleire skytebanar i tidlegare Melbu/Haugtuva skyte- og øvingsfelt i Hadsel kommune, Nordland.

Forsvarsbygg skal fjerne forureinande masser frå sju av skytebanane i området. Massane, som utgjer ca. 2 600 kubikkmeter og 4 000 tonn, skal lagres på eit mellomlager før de sendes vidare med båt til Perpetuum AS sit deponi i Balsfjord.

Skånsamt arbeid
Området skal tilbakeføres til naturen, og alle arbeida utførast difor skånsamt for å bevare verdifulle naturtypar. To av banene som har vert i felles bruk med Melbo Skyttarlag skal fortsatt nyttas til skyting. Melbo Skyttarlag vil i samband miljøsaneringane byggje om to av banene til elektroniske skivar.

Det vil også vere anleggs- og tungtransport på vegane under arbeidde. Denne trafikken vil i hovudsak gå føre seg på dagtid på kvardagar. Av omsyn til framdrift kan det verte arbeid på kveldstid og i helger, men dette forsøkjer vi å unngå så langt det lar seg gjere. Det vil vere sperringar og skilting ved anleggsområdane, og ved innfartsvegen til området.

Arbeida begynnar 24. september og det forventast å bli ferdigstilt i løpet av oktober 2018. Skytefeltet skal etter sanering tilbakeføres til grunneigar.

Etablert for Heimevernet
Melbu Skyte- og øvingsfelt var tidlegare eit nærøvingsfelt og ble etablert i etterkrigsårene for Heimevernet. Feltet har blitt nytta til øving med handvåpen og innleggs- og øvingsammunisjon til panservernvåpen.

Området er generelt svært lite utbygget, og består i hovudsak av feltbanar utan noko anlegg eller installasjonar ut over planerte standplassar. Det er etablert ein 200 meters bane med standplasshus og 25 manuelle skivar. I tillegg har Melbo Skyttarlag ein 100 meters bane med rørleg målarrangement på trekkskinne.

Miljø
Det har blitt gjennomført miljøtekniske grunnundersøkingar i fleire omgangar, sist i 2018. Det er avdekka forureinande jordmassar med nivåar av tungmetaller som bly, kobber og antimon. Området er på leid grunn. Dette miljøprosjektet omfattar sanering av sju banar med forureining.

Skytefeltet har eit areal på ca. 4 960 dekar, og bestod av totalt ti forskjellege skytebanar, men ikkje alle har vert i bruk.

Melbo Skyttarlag skal fortsatt skyte på to av banene, men dette arbeidet omfattar rydding etter forvarets aktivitetar. I tillegg til sanering av forureining blir det rydda skrot som ligg i terrenget.

Grunneigar er Stiftelsen Edith og Gunnar Fredriksens Minne.

Fakta om prosjektet:

Tiltakshaver: Forsvarsbygg
Prosjektleiar: Harry Hellebust
Prosjekterande: Kokkersvold AS
Tiltaksplan/miljørådgivar under tiltaket: Multiconsult ASA
Byggeleiing: HR Prosjekt AS
Utførande entreprenør: Norsk Saneringsservice AS

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye