Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil bygge ut rv 555 Sotrasambandet

Del

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag om utbygging av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland. Utbygginga er foreslått organisert som eit OPS-prosjekt og skal medverke til betre trafikkavvikling mellom Sotra og Bergen.

 Regjeringa arbeider for å sikre betre mobilitet og mindre kø i kvardagen. Betre vegar med auka kapasitet og betre tilrettelegging for kollektivløysingar, gange og sykkel er blant tiltaka. No foreslår regjeringa å byggja ny bru og vegløysing til Sotra, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Utbygginga skal organiserast som eit OPS-prosjekt, der entreprenørar vert tettare og tidligare involvert. Det vil medverke til eit betre prosjekt. Prosjektet er omfattande, og regjeringa vil ha sterk merksemd på kostnadskontroll i det vidare arbeidet, seier samferdselsministeren.

Sårbart transportsystem i dag
Dagens rv 555 er ein tofelts veg med varierande standard. Transportsystemet er svært sårbart med dagens bru som einaste tilkomst til kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Desse kommunane har omfattande næringsliv i olje- og gass-sektoren, mellom anna Ågotnesbasen og Stureterminalen.

Med ein årsdøgntrafikk i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det store køproblem også for kollektivtrafikken. Sotrabrua er smal og utan tilfredsstillande tilbod for gåande og syklande. 

Detaljar om prosjektet
Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fv 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fv 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg. Brua blir om lag 950 meter lang, med eit hovudspenn på om lag 590 meter. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet.

Totalt er det planlagt å bygge om lag 14 km gang- og sykkelvegar, med 7,8 km som høgstandard-løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil gå saman med annan trafikk mellom Kolltveit og Bildøyna, på opprusta lokalveg mellom Bildøyna og Straume, og på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det blir lagt til rette for kollektivfelt langs ny hovudveg i retning Bergen på delar av strekninga mellom Valen og Storavatnet. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

10 milliardar kroner
Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den nye brua kommer i same trasé som der høgspentlinja over fjorden mellom Bergen og Fjell går i dag. Før ein kan bygge ny bru til Sotra må denne høgspentlinja flyttast.  

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar både ved ny og eksisterande bru. Bompengeinnkrevjinga vil halde fram i 20 år og startar når brua opnar.

Truleg vil det bli anleggstart på OPS-delen av prosjektet andre halvår 2020. Utbyggingskostnadene er rekna til om lag 10 milliardar kroner.

For fleire opplysningar - sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Jon Georg Dale har fått sin habilitet vurdert19.9.2018 17:42Pressemelding

Samferdselsminister Jon Georg Dale bad kort tid etter at han blei utnemnd til samferdselsminister om å få sin habilitet vurdert knytt til behandling av visse saker innanfor elektronisk kommunikasjon og sjøtransporttenester. Bakgrunnen var relasjonane han har til Vidar Brein-Karlsen (Huawei Technologies Norway), Reynir Jóhannesson (Ice) og Arne Johan Dale (Havila Shipping). Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har no kome med sine vurderingar.

Samferdselsminister Dale til verdskongress om ny transportteknologi14.9.2018 12:43Pressemelding

– Heile verda ser til Norge når det er snakk om robuste og raske mobilnett, og elbil. Vi har særs gode føresetnader for å vere i tet i den transportrevolusjonen som no er i gang, og det er viktig at norsk industri tek del i utviklinga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Han deltek tysdag 18. og onsdag 19. september på ITS World Congress i København der ny transportteknologi og digitalisering er tema.

Betre rutetilbod og store miljøgevinstar i ny kontrakt på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum i Møre og Romsdal5.9.2018 12:39Pressemelding

- Regjeringa satsar på ei grøn framtida i norsk ferjedrift. Derfor stiller vi strenge miljøkrav i den nye kontrakten på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum. I tillegg sørgjer vi for fleire avgangar, spesielt i helgane og på nattetid. Slik knyter vi regionane på kvar side av fjorden betre saman og sørgjer for ein enklare reisekvardag for folk flest, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom