Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Røe Isaksen på havturné til Nord-Noreg

Del
Måndag 16. april til onsdag 18. april reiser næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné til Nordland, Troms og Finnmark. Pressa er velkommen til å delta på heile programmet.
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Røe Isaksen skal besøke ein rekke stadar langs kysten, frå nord til sør, fram til sommaren. Noreg har ein av verdas lengste kystlinjer, og over 200 000 personar jobbar innanfor sjømat, maritimt og olje- og gass. Næringsministeren ønsker å møte dei som har gode idear, utviklar nye og spannande teknologiar, og som trur at havet er framtida for Noreg.

- Havet har alltid vore viktig for Noreg, og havnæringane har betydd mye for arbeidsplassane og for vekst i den norske økonomien. Havområda våre byr på enorme mogelegheiter også i framtida, seier Røe Isaksen.

Program:

Måndag 16. april

  • Avreise Oslo - Kirkenes
  • Kl 11:30 – 12:40 Besøke Kirkenes Snowhotel og ut på kongekrabbesafari
  • Kl 12:50 – 14:20 Kirkenes hamn – tur med Havnevesenet sin isbrytar og brief om dei nye planane for hamna i Kirkenes (maks 12 personar – pressa må vere raske med påmelding)
  • Kl 14:30 – 15:15 Bedriftsbesøk Kimek, verkstaden lengst nord i verda for reparasjon av skip.
  • Kl 19:00 – Avreise Kirkenes-Tromsø
  • Kl 24:00 – 07:00 Hurtigruten Tromsø-Harstad. Vi møter kapteinen på brua kl 24:00 i Tromsø. Tysdag morgon når vi legger til kai i Harstad får Røe Isaksen helse på lærlingane om bord (kl 07.45 til 08.30).

Tysdag 17. april

  • Kl 07:45 – 08:30 Møte lærlingar på Hurtigruten i Harstad. 
  • Kl 08:40 – 10:40 Skyss med Kystvaktskip, vi seilar til Grovfjord Mekaniske Verksted med kystvaktskipet KV Heimdal (maks 10 personar – pressa må vere raske med påmelding).
  • Kl 10:40– 11:25 Besøk hos Grovfjord Mekaniske Verksted
  • Kl 11:45 – 12:45 Besøk hos Astafjord Lakseslakteri
  • Kl 14:00 – 14:30 Besøk hos Narvik hamn
  • Avreise Harstad – Bodø

Onsdag 18. april

  • Kl 08:30– 10:30 Deltek på High North Dialogue i Bodø, ein konferanse som skal diskutere vekst i Arktis.   
  • Kl 10:30 – 11:30 Mogeleg bedriftsbesøk tba.
  • Avreise Oslo kl 12.40.

 

Kontakter

Bilder

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye