Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Røe Isaksen besøker Ølen og Odda

Del
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker tysdag 21. august næringsliv i Vindafjord og industribedrifter i Odda. Pressa er velkommen til å delta under besøka.

Næringsministeren skal besøke IT-bedrifta Omega i Ølensvåg og næringsmiddelbedrifta Fatland Ølen i Vindafjord kommune.

Tettstadene Ølensvåg og Ølen har ein breidde i næringslivet, med store verksemder innanfor IT, Olje og gass, bygg og næringsmiddelindustri. Fleire verksemder har tidlegare levert mykje til olje og gass, men har også omstilt seg til mye marknader etter oljeprisnedgangen for nokre år sidan.

-          Omstilling til nye marknader, og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål er viktig for konkurransekrafta til norske bedrifter. Eg gler meg til å få høyre meir om kva næringslivet i Ølen og Ølensvåg gjer for å sikre langsiktig konkurransekraft og arbeidsplassar.

I Odda og Tyssedal skal næringsministeren besøke Boliden og Tizir. Boliden Odda er den tradisjonelle hjørnesteinsbedrifta i Odda og produserer sink og svovelsyre. Gjennom stor omstilling og nyinvesteringar har verket dei siste åra bedra konkurransekrafta og styrka grunnlaget for arbeidsplassane og for vidare vekst. Bedrifta skal orientere om korleis dei satsar på kompetanse, og korleis dei implementerer Industri 4.0 i praksis.

Tizir produserer titandioksidkonsentrat og og høyrent råjern med bruk av Ilmenitt frå mellom anna Titania i Rogaland. Anlegget er det einaste av sin type i Europa og berre eit av seks i verda. Tizir arbeider med å introdusere ei innovativ, energieffektiv og klimavennleg smelteverksteknologi.

Besøka i Vindafjord og Odda neste veke er eit av fleire besøk næringsministeren skal ha til norske industribedrifter over heile landet denne hausten. Røe Isaksen er særleg opptatt av industrien si satsing på teknologi og digitalisering.

- Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ei veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halde følge med utviklinga, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyre om utfordringane til industrien, og korleis vi kan jobbe saman for å løyse dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdssamfunn, seier Røe Isaksen.

Program

  • Kl 10:15 – 12:30 Besøk hos verksemder i Ølensvåg og Ølen
  • Kl 14:00 – 17:00 Besøk hos Boliden Odda og Tizir Tyssedal

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye