Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nytt skredfarekart for Slåtten i Jølster

Del

Ei ny faresonekartlegging i Jølster kommune syner at berre eitt bustadhus, på eit av tre gardsbruk, ligg innanfor faresona for 1000-års skred. NVE bestilte ei full faresonekartlegging for området på Slåtten i etterkant av dei mange skredhendingane i Jølster kommune 30. juli.

– Utgreiinga syner at bustadhusa på Slåtten står relativt trygt, men at eitt bustadhus i området ikkje oppfyller dagens krav til tryggleik for nybygg (jf. Tek17). Dei andre bustadhusa ligg trygt for 1000-årsskred, fortel NVE sin regionsjef Brigt Samdal.

På oppdrag frå NVE har NGI vurdert skredfaren og kome med forslag til tiltak som kan betre tryggleiken i området.

– Konklusjonane i rapporten er i tråd med NVE sine tidligare vurderingar og faresonekartlegginga er gjennomført etter same modell som tidlegare faresonekartlegging i kommunen, fortel Samdal.

NVE nyttar kost/nytte-vurderingar i samband med prioriteringar av kva sikringstiltak som skal gjennomførast i Noreg. Eventuelle tiltak vil bli vurdert opp mot andre skredutsette bustadar i landet.

– Garden Slåtten Midtre kan søke om tilskot til sikringstiltak frå NVE. Vi vil då vurdere søknaden opp mot andre søknadar som kjem inn, fortel Samdal.


Kart og rapport

Sjå kart og rapport på nve.no

Bilete

Last ned bilete av NVE sin regionsjef Brigt Samdal.

Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Kraftsensitiv informasjon skal ikke på Internett – NVE presenterer metode for å redusere risiko for informasjonslekkasje10.9.2019 15:20:00 CESTPressemelding

Kraftbransjen har i flere tiår vært underlagt krav om å beskytte kraftsensitiv informasjon. Et FOU-prosjekt som ble gjennomført ved NVE sommeren 2019 har utviklet en metodikk for å identifisere kraftsensitiv informasjon på internett. Metodikken gjør bruk av åpen programvare og gir mulighet for å søke også i dypere lag av internett.

NVE overleverer kartlegging av områdeskred for Giske, Sula, Sykkylven og Ålesund9.9.2019 13:48:14 CESTPresseinvitasjon

Pressen inviteres til å delta. Tid: 11.september 2019 kl.12.30–15.00 Sted: Prosjektkontoret til Nye Ålesund kommune, 1 etg. på Kremmergarden, i lavblokka på rådhuset i Ålesund. Tre kvikkleiresoner med tilhøyrande utløpssoner er lokalisert i de fire kommunane. I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred. Kartlegginga gir meir detaljert informasjon om faren for områdeskred hos kommunane.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom