Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev fem løyve til småkraftverk i Rana

Del
NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Rana kommune i Nordland. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til tre.

Dei fem kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 73 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til omlag 3650 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 39 GWh/år.

NVE har handsama seks av søknadane saman i ein pakke; Ranapakken. Dette for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd. Verdfullt naturmangfald, landskap, reindrift, mineralressursar og samla belastning i området har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse sakene. Det er lagt vekt på å få fram prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

NVE avgjer samstundes søknadene om å bygge Sølvbekken og Gubbeltåga kraftverk som har vore på høyring tidlegare. NVE legg vekt på at ei utbygging av Sølvbekken kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Tiltaket i Sølvbekken er inngrepsnært og vil nytte tidlegare inngrep for endra elveleie/utlaup. NVE vurderer at fordelane ved ei utbygging av Sølvbekken kraftverk er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av kraftverket på fastsette vilkår.

Samstundes avslår NVE søknaden om Gubbeltåga kraftverk. Tiltaket kjem i konflikt med reindrift og fjellrev i eit samanhengande urørt naturområde. NVE meiner såleis at dei negative verknadene ikkje står i forhold til auka kraftproduksjon.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av dei einskilde sakane:

Les meir om Blakkåga kraftverk

Les meir om Bordvedåga kraftverk

Les meir om Leirdalselva kraftverk

Les meir om Nedre Leiråga kraftverk

Les meir om Rausandaksla kraftverk

Les meir om Røvassåga kraftverk

Les meir om Sølvbekken kraftverk

Les meir om Gubbeltåga kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Overingeniør Helen Leibig-Larsen, tlf. 22 95 98 95

Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18 / 92 09 70 70

Førstekonsulent Heidi Kannick, tlf. 22 95 91 79 (berre Sølvbekken og Gubbeltåga kraftverk)

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye