No kan du overnatta i dome på Trolltunga
– Vi ynskjer å formidla den komfortable, men likevel puristiske formen for norsk friluftsliv saman med opplevinga av å sjå Trolltunga, seier marknadssjef i Trolltunga Active, Erle Hauso.
I tillegg til å gje gjestene lun komfort, gjev domen ei spektakulær utsikt mot Ringedalen og Folgefonna gjennom det gjennomsiktige partiet i den eine veggen, samt stjernehimmel ved godt vêr gjennom det gjennomsiktige taket.
– Den ultimate kjensla
Førre veke starta Trolltunga Active på arbeidet med å setja opp domen. Selskapet har gravd vekk snøen og fått domen trygt festa til bakken, sett opp egne flyttbare element for soveplass og lokalproduserte møblar - designa og produsert av Hallstein Skare, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Domen gjev oss mogelegheita til å gje gjestene kjensla av å sove under open himmel, noko som er den ultimate kjensla for mange friluftsfolk. Samstundes kan dei nyta komforten av å ligga i ly i ein koseleg dom med hytteinteriør, eta god mat, oppleva godt samvær og nye vennskap i ljoset av dei få lampane vi har i domen, forklarar Hauso.
Reiste verda over for jomfrutur
Dei tre fyrste gjestene i domen har reist heile vegen frå Australia og USA for å gå på truger til Trolltunga og oppleva ei natt i vinterfjellet. Attendemeldingane er svært gode.
– Det var utruleg kjekt å vera med på denne fyrste turen, og eg nøyt den koselege atmosfæren i domen, seier amerikanske Jacob Bartz.
– Det var nesten som å vera på overnattingstur med vener, sjølv om vi ikkje kjende kvarandre frå før, legg Caitlyn Murphy frå Australia til.
Vêret var definisjonen på norsk draumepåske med blå himmel og vindstille vêr. Utpå kvelden blåste det opp og snødde godt.
– Eg likte godt å kunne fylgja vêret og synet av fjella gjennom dei gjennomsiktige delene av domen. Hadde det ikkje vore for vinden, hadde eg nok gløymt at eg var på fjellet i den lune domen, seier Scott Murphy frå Australia.
Nøkkelord
Kontakter
For fleire kommentarar:
Erle Hauso – Marknadssjef i Trolltunga Active - 481 21 707
Bilder
Om Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord is the official tourist board of the Hardangerfjord region
Følg pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Visit Hardangerfjord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Dårlig vintersesong kan redde sommeren30.4.2020 10:37:08 CEST | Pressemelding
Sommerskisenteret på Folgefonna blir nedringt av nordmenn som savner å ha ski på beina. Det lover godt før sesongåpningen på fredag.
Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger3.4.2020 14:40:46 CEST | Pressemelding
Kompensasjonsordninga til regjeringa treff ikkje dei sesongutsatte reiselivsbedriftene i Hardanger. No etterlyser dei ytterligare grep for å unngå konkursar.
Reiselivet i Hardanger tapar millionar27.3.2020 06:30:00 CET | Pressemelding
Næringa er hardt ramma av koronapandemien. Heile 97 prosent av reiselivet i regionen tapar pengar som fylgje av viruset.
Lanserer suksess-konsept i Hardanger14.6.2019 12:05:10 CEST | Pressemelding
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.
Telenor aukar tryggleiken på Folgefonna12.4.2019 11:54:52 CEST | Pressemelding
Telenor har fått på plass 4G dekning på Fonna. Aktørar på og rundt breen er svært nøgde med etableringa.