Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny transformatorstasjon med nettilknyting i Skien kommune

Del
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Skagerak Nett AS løyve til å byggje og drive ein ny transformatorstasjon på Kiseåsen, og å knyte denne til eksisterande nett. Anlegga ligg i Skien kommune i Telemark fylke.

Grunngjevinga for løyvet er at Skien kommune har regulert eit område på Gromstul til utvikling av datasenter, og det er naudsynt med strømforsyning til dette. Kiseåsen transformatorstasjon skal knytast til dagens 132 kV-nett ved at eksisterande kraftleidningar frå nord og sør sløyfast innom og vidare til Rød transformatorstasjon. Om lag 2 km av eksisterande 132 kV leidning Svelgfoss–Rød vert riven inn til Rød transformatorstasjon etter omlegginga inn til Kiseåsen transformatorstasjon.

Skagerak Nett får løyve til å knyte til opp til 50 MW nytt forbruk i den nye stasjonen. Sidan er utbygginga av transformatorstasjonen planlagt trinnvis, avhengig av utviklinga til datasenteret og kapasitet i transmisjonsnettet.

NVE meiner at tiltaka vil ha små verknader for ålmenta og naturmangfaldet då dei hovudsakeleg er lokalisert innanfor området som allereie er regulert til datasenter. NVE vurderer det som positivt at om lag 2 km eksisterande leidning kan rivast i nærleiken av bustadane på Kåsa.

NVE gir samstundes Skagerak Nett ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rettar for bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane.

NVE set krav om at Skagerak Nett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplan som NVE skal godkjenne før anleggsstart.

Meir informasjon om tiltaka finn du på NVE sine nettsider.

Kontaktpersonar:

Sakshandsamar: Solveig Willgohs, 22 95 92 45

Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, 901 93 008

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye