Kvotesystemet inneheld reglar for kven som kan fiske, korleis dei kan fiske og kor mykje dei kan fiske.

- Kvotesystemet er opp gjennom åra blitt eit lappeteppe av forskjellige ordningar. Dei fleste er einige i at det er på tide å forenkle og modernisere dette systemet, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Fiskeriministeren vil presentere tiltaka i meldinga, og det vil også vere mogleg å følgje presentasjonen på nett-tv.

Husk pressekort eller ID.

Kva: Stortingsmelding om nytt kvotesystem for fiskeria

Tidspunkt: Fredag 21. juni kl 12:00.

Kor: Møterom Rjukan, Kongensgate 8, Oslo.

Påmelding for presse: media@nfd.dep.no

Les meir om nytt kvotesystem her