Nærings- og fiskeridepartementet

Innføring av tilbod om skipsfinansiering gjennom Eksportkreditt Norge

Del
I statsbudsjettet for 2018 foreslo regjeringa ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. I dag la regjeringa fram eit forslag til endring i lov om Eksportkreditt Norge AS.

Lånedelen av den nye ordninga skal forvaltast av Eksportkreditt Norge. Regjeringa sine endringsforslag i lov og forskrift som regulerer Eksportkreditt Norge si verksemd har no vore på offentleg høyring.

-Eg er glad for at lånetilbodet snart er på plass. Reiarane i Noreg vil få betre tilgang på finansiering som igjen vil medverke til auka aktivitet for verft og underleverandørar i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ordninga skal forvaltast av GIEK og Eksportkreditt Norge og vil vere ei mellombels treårig ordning. Ordninga vil bli evaluert. Det vil vere ein føresetnad at GIEK gir långivargarantiar på like vilkår med bankane, og at Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår. Etter planen skal ordninga vere operativ i løpet av første halvår 2018.

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye