Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Storelva kraftverk i Talvik

Del
NVE seier nei til bygging av Storelva kraftverk i Talvik i Alta kommune i Finnmark. Alta Kraftlag a/l får ikkje løyve av omsyn til ei svært viktig fossesprøytsone som inneheld fleire raudlisteartar.

Storelva kraftverk i Talvik var planlagt med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på om lag 11,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 580 husstandar.

Grunngjeringa for avslaget er at det langs Storelva ligg ei svært viktig fossesprøytsone med A-verdi. Elvas urørthet og at det er funne fleire raudlista artar langs elva, mellom anna den truga arten øreblygmose, spiller ei viktig rolle i verdisettinga av fossesprøytsona. Vassdraget er uregulert og har god vassføring heile året og ei fråføring av vatn vi letter NVE si meining gje ein uakseptabel påverknad på naturmiljøet knyta til utbyggingsstrekkjet.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak.

NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser med bevaring av nasjonalt viktige og verdifulle naturtyper og raudlistearter, og gjev difor ikkje løyve til Storelva kraftverk.

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216

Rådgiver Dag Kjellevold: 22 95 94 56

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye