Innovasjon Norge

Grøntprodusentar og reindriftsutøvar i kamp om gjev pris

Del
Salat, potet, tomat og «sjitne gulrøde» kjempar side om side med reinkjøtt om å vinne årets nasjonale bedriftsutviklingspris i landbruket. Konkurransen er hard – og dei tre bedriftene som kjempar om den gjeve prisen er Bjertnæs og Hoel AS frå Vestfold, Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag
Kjemper om pris; f.v Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland,   Bjærtnes og Hoel AS frå Vestfold,  og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag
Kjemper om pris; f.v Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland, Bjærtnes og Hoel AS frå Vestfold, og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag

- Vi sit også i år igjen med tre svært gode og spennande bedrifter til årets pris. Konkurransen er knallhard noko som synleggjer mangfaldet og gründerånda blant  gardsrelaterte næringar i heile landet. Å velje ein vinnar kjem ikkje til å bli enkelt, men det er ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så gode og interessante kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Prisen vert delt ut i Berlin den 18. januar i samband med verdas største landbruks- og matmesse "Internationale Grüne Woche". Det er landbruks- og matminister Jon Georg Dale og direktør for Bærekraft divisjonen i Innovasjon Noreg, Inger Solberg, som deler ut heidersprisen. Vinnaren reiser heim frå Berlin 250 000 kroner rikare.

Innovativ landbruksutvikling
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare bygdeutviklingsprisen) har vorte delt ut kvart år sidan 1997. Det vert først kåra ein vinnar i kvart fylke som mottar 50 000 kroner. Fylkesvinnerane går så vidare til den nasjonale konkurransen der prisen er på 250 000 kroner. Prisen skal gå til ei verksemd som har etablert ein innovativ og berekraftig bedrift eller næring med basis i bygdas og landbrukets ressursar.

- Eg er imponert over kva landbruket kan vise til av godt og lønsamt entreprenørskap. Dei tre nominerte til den nasjonale Bedriftsutviklingsprisen for landbruket er fram i frå døme på nyskaping og kreativitet i reindrifta og grøntnæringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Salat og potet i stor skala
- Dette er til stor inspirasjon for oss. Det er ei spennande tid, der vi opplever at interessa for mat aukar. Samtidig er det mange svært dyktige matprodusentar som gjer ein stor innsats for norsk landbruk. Det gjer det spesielt hyggeleg å bli trekt fram, seier Åsmund Bjærtnes.

Bjertnæs & Hoel på Nøtterøy blei etablert i 2009 då dei to familiebedriftene slo seg saman. Hovudkontoret ligg på SmidsrødGårdpå Nøtterøy.

Bjertnæs& Hoel har gjort god butikk av noko så «enkelt» og i utgangspunktet billig som potet gjennom produktutvikling, merkevarebygging og landsdekkande distribusjon. Småpoteten erstattar i betydeleg grad import. Hovudproduksjonen er isbergsalalat, hjartesalat og småpotet, der omsetninga i hovudsak går gjennomGartnerhallen/Bama tildagligvarehandelen og restaurant marknaden

Bjertnæs& Hoel er en stor arbeidsgjevar for arbeidarar frå fleire land, og legg stor vekt på å skape ein bedriftskultur prega av respekt, rausheit og samarbeid.Bjertnæs& Hoel er første frilandsgartneri i Noreg som er godkjent etter den internasjonale kvalitetsstandarden Global GAP (GoodAgriculturalPractice).

«Sjitne gulerøde» og andre grønsaker

- Vi er veldig stolt og audmjuk over å bli nominert og det gir enorm motivasjon til å arbeide vidare med å fremme dei Norske «sjikelige» råvarene. Dette seier jo at me har gjort noko riktig dei siste åra. Eg trur jo at nordmenn er i ferd med å forstå kva norsk produksjon er og er villig til å betale meir for «sjikkelig, ekta og ærlig mat», seier Jone Wiig.

Jone Wiig overtok familiegarden våren 2017, men har drive med agurk sidan 1997. Han produserer saman med familien agurk året rundt i veksthusa og blomkål, kålrabi, gulrøter og kinakål på friland. På grunn av gode vekstforhold og tidleg jordsmonn er frilandsgrønsakene frå Wiig blant dei første på marknaden i landet.

Verksemda har eige pakkeri for å sikre kvalitet i alle ledda og størsteparten av produksjonen blir levert til Coop. I veksthusa brukar dei berre biologiske nyttedyr for å halde borte skadedyr. Dei arbeider stadig for å finne betre løysingar, både med tanke på ugraskamp, kvalitet og smak i grønsakene.

Ei allereie kjent merkevare frå bedrifta er «sjitne gulerøde» som både held seg lenger og smakar betre. Gulrøtene vann pris under Det Norske Måltid i 2016.

Jone Wiig er ein drivar i miljøet, med tett og aktivt samarbeid med FoU, andre produsentar og kokkemiljø for vidareutvikling både med omsyn til biologi, berekraft og produktutvikling. Siste skot på stamma er utvinning av salt i havet utanfor garden og gartneriet. 

Første reinbedrift til finalen
Vi i Rørosrein er svært takknemleg over å få ein slik utmerking. Dette er ein flott anerkjenning av det arbeidet som har blitt lagt ned i verksemda vår, særleg av alle dei flinke ansatte. Det er mange timer som ligg bak etableringa og veksten i Rørosrein AS. Vi har heile vegen satsa på kvalitet og er heldige som får arbeide og leve med reinen.  Vi er svært stolte over vår samiske kulturarv, seier Eva Nordfjell.

Rørosrein AS er den første verksemda innan reindrift som har vunne den fylkesvise bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

Rørosrein AS eigd av to sørsamiske familiar med reindrift i Rørosområdet. På landbrukseigedomen er det produksjonslokale og koie der det vert tilbydd servering til slutta lag og kulturhistorie og opplevingar som til dømes reinkøyring.

Dei foredla varene vert selt gjennom Rørosmat, eige utsal, messer og utvalde butikkar. Rørosrein AS samarbeider tett med det sterke matmiljøet på Røros, og er dyktige og synlege formidlarar på Bondens Marknad, Trøndersk Matfestival, Matstreif m.v.

Rørosrein AS held i hevd reinsdyrdrift på naturens premissar, og er dyktige og viktige ambassadørar og rollemodellar for sørsamisk miljø og kultur, bl.a.  gjennom tv-serien 8 årstider.

 

Nøkkelord

Kontakter

Kontakpersonar hos dei nominerte:


Bjærtnes og Hoel AS
Åsmund Bjærtnes
Mobil: 905 72 231
E-post: asmund@bogh.no


Jone Wiig Gartneri AS
Jone Wiig
Mobil: 901 94 969
E-post: jone@jjwiig.no


Rørosrein AS
Eva Nordfjell
Mobil: 919 15 061
E-post: eva@rorosrein.no


Kontaktperson Innovasjon Noreg
Kjell Bruvoll
Mobil: 958 58 629

Bilder

Kjemper om pris; f.v Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland,   Bjærtnes og Hoel AS frå Vestfold,  og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag
Kjemper om pris; f.v Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland, Bjærtnes og Hoel AS frå Vestfold, og Rørosrein AS frå Sør-Trøndelag
Last ned bilde
Sjitne gulerøde fra Jone Wiig Gartneri kan vinne den nasjonale BU-prisen. Foto: MayLinda
Sjitne gulerøde fra Jone Wiig Gartneri kan vinne den nasjonale BU-prisen. Foto: MayLinda
Last ned bilde
Jone Wiig Gartneri, foto: MayLinda
Jone Wiig Gartneri, foto: MayLinda
Last ned bilde
Rørosrein AS er den første reinbedrift til finalen. Foto:Tom Gustavsen
Rørosrein AS er den første reinbedrift til finalen. Foto:Tom Gustavsen
Last ned bilde
Bjærtnes og Hoel AS er med til finalen i Berlin. Foto: Nadia Frantsen
Bjærtnes og Hoel AS er med til finalen i Berlin. Foto: Nadia Frantsen
Last ned bilde
Foto: Nadia Frantsen
Foto: Nadia Frantsen
Last ned bilde

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0104 Oslo

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål. 

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye