Forsvarsbygg

Femte kontrakt på støytiltak

Del
Den hittil største kontrakten på støytiltak på bygg utanfor Ørland flystasjon blei signert 1. februar.
Dagleg leiar i Byggmester Strand AS, Tore Strand, og direktør i Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.
Dagleg leiar i Byggmester Strand AS, Tore Strand, og direktør i Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.

Kontrakten blei inngått mellom Forsvarsbygg og entreprenør Byggmester Strand AS, torsdag 1. februar. Signeringa blei utført i fortsetjinga av markeringa av Forsvarsbyggs nye prosjektkontor for eigedomsforhold, som ble avhalden same dag i Meieriveien 5 i Brekstad sentrum.

Dette er den største kontrakten så langt i prosjektet med støytiltak utanfor flystasjonen.

- Det er få, om ingen annan enkeltståande kontraktar på støytiltak som har blitt inngått i denne storleiken på landsbasis, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase Carl Oscar Pedersen. - Vi er nøgd med å inngå kontrakten med Byggmester Strand, som allereie er erfarne entreprenørar i prosjektet, legg han til.

Entreprise 5
Støytiltak på bygg utanfor basen – entreprise 5 – omfattar totalt 161 hus og har ein kontraktssum på ca. 62 mill. inkl. mva. Entreprenøren går i gang med oppmålingsarbeida no i vinter.

Prosess for støytiltak
- Opp mot 1000 hus rundt Ørland flystasjon vil få tilbod om støytiltak og ca. 1300 vil få tilbod om undersøking. Per i dag har ca. 900 undersøkingar blitt fullført og straks rundar vi 100 ferdige tiltak. Nær 160 er i ulike fasar av utføring, mens ytterlegare 170 vil bli påbegynt utover våren, fortel Carl Oscar Pedersen.

Entreprise 1-3 har blitt utført av Byggmester Strand AS og har total utgjort ca. 105 hus. Entreprise 4 har omfatta 67 hus og blitt utført av FVS Entreprenør AS.

Kontakter

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

Bilder

Dagleg leiar i Byggmester Strand AS, Tore Strand, og direktør i Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.
Dagleg leiar i Byggmester Strand AS, Tore Strand, og direktør i Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.
Last ned bilde

Lenker

Om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

815 70 400http://www.forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye