Medietilsynet

Fem nye publikasjonar får produksjonstilskott i 2018

Del
Fem nye publikasjonar blir kvalifiserte for produksjonstilskott i 2018. Det er både nett- og papirbaserte aviser blant dei nye tilskottsmottakarane.
Foto: Kine Jensen/Medietilsynet
Foto: Kine Jensen/Medietilsynet

Ordninga med produksjonstilskott er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiraviser og digitale publikasjonar.

Fem nye får tilskott i 2018

Det er no klart at fem nye publikasjonar er kvalifiserte for produksjonstilskott, og desse kjem dermed inn i ordninga i år. Desse avisene vil no få utbetalt eit a konto-forskott for 2018, tilsvarande ¾ av estimert tilskott for heile året.

– Kor mykje dei ulike publikasjonane får i produksjonstilskott blir avklart når tildelinga til alle avisene skjer til hausten, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Dei fem nye publikasjonane som får produksjonstilskott i 2018 er:

Bladet Vesterålen blir utgitt av Bladet Vesterålen AS og er 100 prosent eigd av konsernet Norvest AS. Avisa kjem ut i Sortland kommune og dekker Vesterålen, Lødingen og Kvæfjord. Avisa kjem ut fem dagar i veka.

Minerva erei borgarleg avis som dekker politikk, idéar og kultur. Minerva omfattar ei  nettavis (minervanett.no.) og eit kvartalsskrift. Det er nettavisa som kvalifiserer til tilskott.

Setesdølen er ei avis som blir utgitt i Bygland i Aust-Agder. Avisa kjem ut to dagar i veka og blir redigert på nynorsk.

Vestlandsnytt er ei avis som blir utgitt i Møre og Romsdal. Avisa kjem ut to dagar i veka og blir redigert på nynorsk.

Vesterålen Onlineer ei regional nettavis for distriktet Vesterålen med kommunane Andøy, Bø, Hadsel, Øksnes og Sortland. Avisa dekker også til ein viss grad Lødingen.

Estimert tilskott for dei ulike avisene for 2018 er:

Bladet Vesterålen

1 114 000

Minerva

1 343 318

Setesdølen

362 000

Vestlandsnytt

362 000

Vesterålen Online

1 142 544

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Kine Jensen/Medietilsynet
Foto: Kine Jensen/Medietilsynet
Last ned bilde
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye