Samferdselsdepartementet

Billigare utbygging av E18 kjem bilistane til gode

Del

– Vi skal bygge saman bu- og arbeidsmarknader i heile landet. Det må vi gjere med omsyn til kostnadane. Dette har Nye Veier vist dei klarer. No skal dei starte opp utbygginga av E18 frå Langangen til Rugtvedt. Dette er nok eit viktig steg mot samanhengande firefelts veg frå Oslo til Kristiansand. Det er òg svært gledelig at dei samla kostnadane for utbygginga mellom Langangen og Dørdal, lenger sør, vert betydeleg lågare enn tidligare antatt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD

Strekninga frå Langangen forbi Porsgrunn, over Grenlandsfjorden til Rugtvedt er 18 kilometer og skal verte firefelts veg med 110 km/t. Trafikktryggleiken på strekninga, og vidare mot Dørdal, vert betydeleg bedra ved at ny E18 i større grad vert reindyrka som ein gjennomfartsåre.

Tidlige prognoser frå Statens vegvesen anslo prosjektet til å koste 12,8 milliardar kroner. Etter at Nye Veier AS har tatt over, har dei sett nærare på kostnadane for å redusere dei. No er forventa kostnad på 11,5 milliardar kroner. Selskapet vil arbeide med å finne ytterligare kostnadsinnsparingar.

– Eg er svært nøgd når eit prosjekt vert rimeligare enn først antatt. Spesielt sidan reduksjonane kjem bilistane til gode. På denne strekninga vert det lågare bompengetakstar for både bilar og lastebilar, seier samferdselsministeren.

Les meir: Prop. 81 S (2018-2019) Finansiering og utbygging av E18 på strekningen Langangen – Dørdal i kommunene Porsgrunn og Bamble i Telemark

Bilder

Foto: Henrik Jonassen/SD
Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom