Kulturminnefondet

Berit Osmundsen får Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend

Del
Berit Osmundsen har, med sin iver og entusiasme, blåst nytt liv i båtbyggjartradisjonen i Os i Hordaland. Nå får ho stipend frå Kulturminnefondet.
Fagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen, får Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend. Her vølar ho ein gamal oselvar med båtbyggar Stig Henneman. (Foto: Oselvarverkstaden)
Fagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen, får Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend. Her vølar ho ein gamal oselvar med båtbyggar Stig Henneman. (Foto: Oselvarverkstaden)

Grunngjevinga er den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt.

Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som formål å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg samt å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Osmundsen får stipendet under konferansen «Båtar, tradisjon og innovasjon», arrangert av Forbundet Kysten og UiT Norges arktiske universitet, på Universitet i Tromsø 4. oktober kl. 09.30. Det er Per Kyrre Reymert, styremedlem i Kulturminnefondet, som står for tildelinga. Direktør for Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, vil også være til stades.

Vi inviterer pressen til overrekking, og ber om at innhaldet i denne pressemeldinga ikkje vert publisert før torsdag 4. oktober kl. 09.30. Stipendmottakaren er ikkje sjølv klar over at ho får stipendet.

Berit Osmundsen er til daglig båtbyggjar og fagleg ansvarleg ved Oselvarvekstaden i Os, sør for Bergen.

Det er Margunn Lyhammer som har nominert Osmundsen, og i nominasjonen står det:

- Berit er levande oppteken og entusiastisk for alle deler av faget sitt. Ho har med stor entusiasme dei siste åra gjort sitt for å blåse nytt liv i engasjement rundt trebåtar generelt, og Oselvar-båten spesielt. Hennar evne til å formidla, og entusiasmen omkring faget har smitta over på mange i og rundt Os. Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt, og Berit formidlar med stor iver både historia og dagens bruk av båten, og er ein stolt del av båtbyggjartradisjonen ved Oselvo.

Tidlegere stipendmottakarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend er Else «Sprossa» Rønnevig, forfattar og bygningsvernar, Erik Alfred Tesaker, fabrikkdirektør ved Handverksfabrikken, også kjent fra NRKs serie «Oppfinneren», Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke og Bror Ivar Salamonsen, tømrer ved RiddoDuottarmuseat i Karasjok.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen, får Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend. Her vølar ho ein gamal oselvar med båtbyggar Stig Henneman. (Foto: Oselvarverkstaden)
Fagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen, får Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend. Her vølar ho ein gamal oselvar med båtbyggar Stig Henneman. (Foto: Oselvarverkstaden)
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye