Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Avslag til to små vasskraftverk i Tovdalsvassdraget

Del

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Herefoss og Hauglandsfossen kraftverk i det verna Tovdalsvassdraget i Birkenes og Froland kommuner i Aust-Agder.

Det er Herefoss Energi AS og Norsk Vannkraft AS som har søkt om å byggje vasskraftverka, som ville gitt ein samla årleg produksjon på 13,5 GWh, fordelt på 7,5 GWh i Herefoss og 6,0 GWh i Hauglandsfossen.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka, som begge ligg i det verna Tovdalsvassdraget. Søknaden om løyve til å byggje Herefoss kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for laks, medan søknaden om å få byggje Hauglandsfossen kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for landskap og kulturminne.

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Herefoss kraftverk og Hauglandsfossen kraftverk fordi ei gjennomføring av tiltaka vil svekke verneverdiane i vassdraget. Konsesjon til kraftverka kan då ikkje gis.

Les meir om kvart enkelt vedtak: 

Hauglandsfossen kraftverk

Herefoss kraftverk

Kontaktpersonar:

Tonje Aars Grønbech : tagr@nve.no

Kaja Henny Engebrigtsen : khen@nve.no

Øystein Grundt: oegr@nve.no

Nøkkelord

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom