Samferdselsdepartementet

Autonome og samankopla køyrety: Felleserklæringar med Sverige og Finland om vidare samarbeid og testing er underteikna

Del

- Autonome og samankopla køyrety kan gi oss styrkt trafikktryggleik, betre utnytting av veginfrastrukturen, reduserte transportkostnader og ein meir miljøvennleg vegtrafikk. For å leggje til rette for ei slik utvikling, har vi i dag skrive under felleserklæringar med Sverige og Finland om vidare samarbeid og tilrettelegging for uttesting. I lag med Finland har Noreg eit samarbeid om grensekryssande uttesting på E8. Vi tar sikte på å starte opp tidleg i 2018, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsministeren har underteikna felleserklæringane med sin svenske og finske kollega i samband med eit ministermøte om autonome og samankopla køyrety i Frankfurt. Møtet følgjer mellom anna opp EU-arrangementet Digital Day i Roma tidlegare i år. I den italienske hovudstaden skreiv Noreg og 18 andre land under på eit intensjonsbrev om testing av teknologi for denne typen køyrety. 

Heilt avgjerande med testing
- For å utnytte potensialet som dei sjølvkøyrande bilane kan utløyse, er det heilt avgjerande med omfattande testing av køyrety, veginfrastruktur og digital infrastruktur. Dette vil gi oss viktig kunnskap om kva for effektar køyretya vil ha for mellom anna trafikktryggleik og framkome. Med  grensekryssande person- og godstransport er det både naturleg og naudsynt å teste i lag med andre land. Dette gjeld ikkje minst Sverige og Finland, som er dei to nordiske nabolanda som Noreg har vegsamband til, seier samferdselsministeren.    

Saman med Sverige og Finland skal Noreg vidareutvikle samarbeidet og leggje til rette for å teste teknologi på grensekryssande vegar, mellom anna på delstrekningar på E8 og E6. 

Testing på E8 mellom Noreg og Finland frå 2018
E8 er ein viktig veg for transport av fisk mellom Norge og Finland. På norsk side er delar av vegen smal, med utfordrande kurvatur. I kombinasjon med arktisk vêr er difor E8 godt eigna til å teste ut teknologi for sjølvkøyrande bilar under forhold som ein ikkje finn enkelt på andre stader. E8 blir no utstyrt med teknologi for å gjennomføre testing, med tentativ prosjektstart i januar 2018.

Lovforslag om testing av sjølvkøyrande bilar
Tidlegare i år la regjeringa fram eit lovforslag om testing av autonome køyrety i Noreg. Det er venta at forslaget vil bli behandla av Stortinget i løpet av hausten 2017.  


For fleire opplysningar – sjå:

  • Felleserklæring med Sverige og Finland om vidare samarbeid om og tilrettelegging for autonome og kommuniserande køyrety
  • Felleserklæring med Finland om testing av autonome og kommuniserande køyrety på E8 
  • Pressemelding av 16. juni 2017 om lovforslag om å teste ut sjølvkøyrande køyrety 
  • Nyheit av 23. mars 2017 om signering av intensjonsbrev om testing av sjølvkøyrande bilar 

Nøkkelord

Kontakter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Bane NORs innspill til handlingsprogram for jernbanesektoren19.2.2018 13:50Pressemelding

- Regjeringen satser stort på å styrke jernbanen. Jernbanebudsjettet er i 2018 over 50 prosent høyere enn i 2013. I Nasjonal transportplan 2018-29 legges det opp til fortsatt høy vekst og store ambisjoner om å utvikle jernbanen som attraktiv transportløsning inn i fremtiden. Mitt mål i NTP-perioden er at vi passerer over 100 millioner reisende med jernbanen. Da må vi få både økt avgangsfrekvens, større kapasitet på togmateriell og en bedre infrastruktur, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Byvekstavtaler: Startskudd for spleiselag som kan gi halve befolkningen en grønnere bo- og transporthverdag14.2.2018 13:24Pressemelding

Ordførere og byråder fra de ni største byområdene kommer denne uken til Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Tema er de kommende forhandlingene mellom staten og byområdene om hvilke virkemidler og ressurser som skal inngå i byvekstavtalene. Målet for disse avtalene er bedre mobilitet og transportløsninger for innbyggerne, slik at veksten i persontransport tas med kollektivtransport, sykkel og gange.

Ny konkurranse om drift av helikopterruten Værøy-Bodø med kontraktoppstart 1. august 20198.2.2018 12:31Pressemelding

– For øysamfunnet Værøy er helikopterruten mellom Værøy og Bodø av stor betydning for befolkning og næringsliv. Statens kostnader ved rutedriften er imidlertid betydelige. I dag subsidierer staten hver tur/retur-billett på ruten Værøy-Bodø med over 10 000 kroner. Hovedmålet i arbeidet med ny konkurranse om Værøy-ruten har derfor vært å sikre et tilfredsstillende rutetilbud og samtidig hindre en fortsatt vekst i statens utgifter, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom