Kulturdirektoratet

Sysselsetjinga og inntektene i kulturnæringa har auka

Del

Den kulturelle og kreative næringa har hatt ei positiv utvikling og komme seg heilskinna gjennom pandemien. Det viser ei ny evaluering frå Kulturdirektoratet.

Prosjektet «Musikkontoret» er blant dei som fekk tilskot frå Kulturdirektoratet gjennom ordningane for kulturell og kreativ næring. Musikkontoret er ein felles ressursbank for heile musikkbransje og er eigd av dei sju musikkontora i Noreg. På nettstaden skal brukarane finna relevant informasjon og inspirasjon til eigen karriere. Foto: Feed
Prosjektet «Musikkontoret» er blant dei som fekk tilskot frå Kulturdirektoratet gjennom ordningane for kulturell og kreativ næring. Musikkontoret er ein felles ressursbank for heile musikkbransje og er eigd av dei sju musikkontora i Noreg. På nettstaden skal brukarane finna relevant informasjon og inspirasjon til eigen karriere. Foto: Feed Feed Feed

– Det har vore spennande og nyttig å følgja utviklinga innan kulturell og kreativ næring over tid. Det har generelt vore ein positiv trend med vekst innan omsetning, verdiskaping og arbeidsplassar i næringa, seier Marcus Zackrisson, avdelingsdirektør for avdeling for kulturanalyse i Kulturdirektoratet. 

I 2017 sette i verk Solberg-regjeringa ei ny satsing på kulturell og kreativ næring. Med ein auke på 70 millionar kroner i løyving over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet, var målet å skapa vekst, verdiskaping og arbeidsplassar i næringa. Av desse midlane vart 50 millionar kroner fordelte til kortvarige tilskotsordningar og langsiktig kompetansebygging administrert av Kulturdirektoratet, Innovasjon Noreg og Norwegian Arts Abroad (NAA). Satsinga heldt fram med 40-50 millionar kroner årleg fram til 2022.

Positiv utvikling i næringa

Kulturdirektoratet starta ei følgjeevaluering av satsinga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2018. No er rapporten frå den tredje og siste delen av evalueringa klar. Dei viktigaste konklusjonane er:

  • Det har vore ei positiv utvikling i økonomien til den kulturelle og kreative næringa i evalueringsperioden 2018-2023. Det var mange som sleit under pandemien, men næringa samla sett ser ut til å ha komme seg heilskinna igjennom pandemien.
  • Sysselsetjinga i kulturell og kreativ næring hadde ein høgare vekst samanlikna med sysselsetjinga i resten av økonomien. Samtidig voks omsetninga litt mindre enn i anna næringsliv.
  • Talet på verksemder i næringa var relativt stabilt i perioden, sjølv om det var store rørsler i den samla verksemdsmassen. Det var mange bedrifter som vart etablerte og lagde ned i næringa, men i alle bransjane var det ein fast kjerne av verksemder som hadde overlevd meir enn fem år. Denne kjernen av verksemder utgjorde 58 prosent av talet på verksemder. Samtidig stod dei for heile 86 prosent av verdiskapinga.
  • Når det gjeld sjølve satsinga, hadde verksemdene som fekk støtte (det vil seia anten fekk tilskot eller deltok i eit kompetanseprogram) fram til og med 2019, generelt ei positiv økonomisk utvikling etter støtta. For verksemder som fekk støtte etter 2019, er det førebels ikkje mogleg å seia noko om den økonomiske utviklinga etter at støtta vart gitt. Fleirtalet av verksemdene som inngår i undersøkinga, melder at dei gjennom støtta har fått auka kompetanse om forretningsutvikling, og det er sannsynleg at dette har gitt dei auka økonomisk berekraft.

Ordningane har bygd bransjar

Tilskot frå Innovasjon Noreg har til dels hatt store effektar for tilskotsmottakarane, men det er uklart kva effekt tilskota har hatt når det gjeld å byggja kompetanse for andre delar av bransjane som er ramma. Kulturrådets ordningar har i stor grad treft mellomleddet. Det vil seia lenkja mellom den utøvande aktøren og marknaden. Dei har dermed bidrege til å «byggja bransjar».

Satsinga på kulturell og kreativ næring vart kraftig svekt i revidert nasjonalbudsjett i 2023. Ordningane som Kulturrådet forvalta, vart lagde ned. Oppdraget til Innovasjon Noreg held fram, om enn i avgrensa omfang, medan oppdraga til NAA-ene blir vidareførte som tidlegare år.

Fakta om evalueringa

Kulturdirektoratet starta ei følgjeevaluering av satsinga på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2018. Formålet med følgjeevalueringa har vore å kvalitetssikra satsinga, leggja til rette for god måloppnåing og auka kunnskapen om kultur som næring. 

Denne rapporten utgjer den tredje og siste delen av følgjeevalueringa. Sluttevalueringa set søkjelys på bidraget satsinga har til økonomisk vekst, auka kunnskap om kultur som næring og betre koordinering av verkemiddelapparatet. Sluttrapporten konkluderer med at det har vore positiv utvikling på alle desse områda. Den peikar også på uvisse rundt den framtidige utviklinga til næringa på grunn av store kutt i satsinga i 2023.  

Kulturdirektoratet har vore oppdragsgivar for evalueringa.  Austlandsforsking ved Høgskolen i Innlandet har i samarbeid med Samfunnsøkonomisk analyse og konsulentselskapet WSP gjennomført evalueringa uavhengig av Kulturdirektoratet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Marcus Zackrisson er avdelingsdirektør for avdeling for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.
Marcus Zackrisson er avdelingsdirektør for avdeling for kulturanalyse i Kulturdirektoratet.
Last ned bilde

Dokumenter

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet har som formål å stimulere samtidens mangfoldige kunst- og kulturuttrykk og skal bidra til å løfte fram kulturens rolle i samfunnet.

Kulturdirektoratet gir statlige tilskudd til kunst og kultur over hele landet, driver utviklingsarbeid og er rådgiver for staten i kulturspørsmål.

Direktoratet er også sekretariat for Kulturrådet, Statens kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde, som alle gir tilskudd på armlengdes avstand fra myndighetene.

Gjennom støtte til profesjonelle kunstnere, arrangører, utgivere og ulike kulturvirksomheter bidrar Kulturdirektoratet og de tre armlengdesorganene til at kunst og kultur skapes, dokumenteres, bevares og gjøres tilgjengelig for flest mulig. Målet er at Norge skal ha et levende og mangfoldig kunst- og kulturliv.

Vi har omtrent 150 ansatte og har kontorer i Oslo, Bodø og Trondheim.

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye