Statens vegvesen

Statens vegvesen utbetrar europavegen frå Røldal og austover

Del

Frå 2. mai utbetrar Statens vegvesen E134 i Røldal.

Arbeidet er på E134 i dette området. Kartgrunnlag: Statens vegvesen
Arbeidet er på E134 i dette området. Kartgrunnlag: Statens vegvesen

— Vi byrjar ved Shell-stasjonen, og skal rusta opp fortau og delar av overvassystemet. Vi jobbar oss 1,5 kilometer austover i heile fortauslengda, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Arbeidet vert avslutta med at vi legg ny asfalt både på fortau og køyrebane, noko som etter planen skal gjerast i august.

Arbeidstider

Jobben vil verta utført på dagtid måndag-torsdag, med 12 timars arbeidsdagar. Arbeida blir avslutta torsdag kveld av omsyn til den store helgetrafikken på denne vegstrekninga.

Trafikken vert i hovudsak styrt med trafikklys, men det vil og vera nødvendig med manuell dirigering i periodar.

– Respekter arbeidsvarslinga

— Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å hugsa på at arbeidsvarsling, trafikkdirigering og skilting er del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Skiltinga er der av ein grunn. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantene og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp derfor vi gjer vedlikehald som dette, som ein del av vårt samfunnsoppdrag, avsluttar Stange.

Arbeidet tek fri på heilagdagane i mai, og har sommarferie tre veker frå midten av juli.

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye