Miljødirektoratet

Inngrepsfri natur krympa med 116 500 fotballbanar

Del

Naturområde tilsvarande 116 500 fotballbanar har på fem år mista statusen sin som inngrepsfri natur. Det viser nye tal frå Miljødirektoratet.

Mellom 55 og 60 prosent av reduksjonen i inngrepsfri natur dei siste fem åra kjem av energiutbygging. Biletet viser høgspentleidningar i Fardalen i Årdal kommune, Vestland fylke. Biletet kan brukast av media i samband med denne saka.
Mellom 55 og 60 prosent av reduksjonen i inngrepsfri natur dei siste fem åra kjem av energiutbygging. Biletet viser høgspentleidningar i Fardalen i Årdal kommune, Vestland fylke. Biletet kan brukast av media i samband med denne saka. Foto: Kim Abel

Inngrepsfri natur er område som ligg éin kilometer eller meir unna større naturinngrep som til dømes veg, jernbane, steinbrot og energiutbyggingar. Kvart femte år kartlegg Miljødirektoratet utviklinga i omfang av inngrepsfri natur i Noreg. I femårsperioden 2018-2022 vart inngrepsfri natur redusert med omtrent 830 kvadratkilometer, viser ein ny analyse Norkart AS har gjort på oppdrag frå Miljødirektoratet. Dette svarer omtrent til 116 500 fotballbanar.

28 gonger Mjøsas storleik tapt på 35 år

På dei 35 åra Miljødirektoratet har overvakt utviklinga, har utbygging av ulike typar redusert inngrepsfri natur med 10 240 kvadratkilometer eller nærare sju prosent. Det svarer til litt over til 1,4 millionar fotballbanar, eller 28 gonger Mjøsas storleik.

– Vi har forsynt oss bit for bit av inngrepsfri natur. Over tid ser vi at dette utgjer store område, og når inngrepsfri natur først blir borte er det vanlegvis for godt. Når urørt natur blir bygd ned og blir fragmentert ringast levevilkåra for artar som er avhengige av store, samanhengande urørte område. Samtidig blir  folks moglegheit til gode naturopplevingar svekt, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Energiutbygging viktigaste årsak

Tidlegare var det vegbygging i skogbruket som gjekk mest på kostnad av inngrepsfri natur. Dei siste 10-15 åra er det utbygging av vind- og vasskraft og dessutan kraftleidningar som har vore viktigaste årsak. Mellom 55 og 60 prosent av reduksjonen i inngrepsfri natur dei siste fem åra kjem av energiutbygging. Resten kjem i hovudsak av bygging av veg til andre formål enn energi. 

– At energiutbygging er hovudårsaka til tap av inngrepsfri natur er ikkje overraskande, og illustrerer eit viktig dilemma i klima- og naturpolitikken. Viss Noreg skal lykkast med å kutte klimagassutsleppa, er nok fornybar kraft heilt essensielt. Analysane våre viser at vi treng opp mot 40 terawattimar meir fornybar kraft dersom vi skal nå målet om å kutte utsleppa med 60 prosent innan 2035. Mest mogleg kraft og nett bør byggjast på, eller i nærleiken av, område som allereie er utbygget. Det er likevel grunn til å rekne med at inngrepsfri natur framleis kan krympe på grunn av ny energiproduksjon og distribusjon som er nødvendig for å få kutta klimagassutsleppa, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Det er Vestland, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark som har opplevd dei største reduksjonane av inngrepsfri natur dei siste fem åra. I fleire av desse fylka har det vore store energiutbyggingar. Minst reduksjon av inngrepsfri natur var det i Østfold og Vestfold, noko som heng saman med at dette er små fylke som frå før er mykje utbygd.

Dobla tap av villmarkspreget natur 

Den mest inngrepsfrie naturen vi har er den villmarksprega naturen, som ligg fem kilometer eller meir frå større naturinngrep. Tap av villmarkspreget natur har meir enn dobla seg, frå 117 kvadratkilometer i perioden 2013-2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Den største reduksjonen skjedde i Nordland, Troms og Finnmark.

Tok naturen tilbake på Dovrefjell

Store delar av det tidlegare militære skytefeltet ved Hjerkinn på Dovrefjell er i dei siste fem åra tilbakeført til tilnærma opphavleg naturtilstand. Vegar, fyllingar og andre inngrep har vorte fjerna og tilplanta.

– Restaureringa av det tidlegare skytefeltet på Dovrefjell har resultert i at vi har fått tilbakeført nærare 50 kvadratkilometer inngrepsfri natur. Dette viser at ein kan lykkast med å reparere natur over store område når ein legg ned den nødvendige innsatsen, seier Hambro.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye