Artist Andreas Rotevatn heidrar det dualistiske med sitt fyrste soloalbum - "Av daude gror" er ute no!
Fest eller flinkis, klubb eller kykje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Trombonist, komponist og artist Andreas Rotevatn gir deg alt samen, og alt midt i mellom på sitt fyrste soloalbum.
Det todelte finn du att i det meste av livet til Rotevatn fram til no. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i Oslo. Spellemannsnominert for djupdykk i avantgardistisk musikk for stort jazzensemble, men òg samarbeid med popmusikarar som Cezinando og Gabrielle. Tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes inspirert av moderne lydar frå synthar og trommemaskiner.
Og ein plass i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best:
- Målet med musikken var å skape noko som var tigjengeleg, men med djupn; noko komplekst, og samstundes catchy; guilty pleasure for dei som vanlegvis ikkje lyttar til popmusikk, eller acquired taste for den gjengse musikklyttar. Og musikk som både vil gje deg dansefot på konsert, og som kan gje deg ei kjenslelada emosjonell sonisk reise i sofaen.
På albumet høyrer du Rotevatn som vokalist på Nordfjord-dialekt, trombonist og keyboardist. Han står òg som låtskrivar og tekstforfattar, i tillegg til å vere hovud-produsent.
Med seg i studio fekk han nokre av sine favorittmusikarar og produsentar: Sofie Tollefsbøl (Fieh), Nikolai Hængsle, Hans-Peter Lindstrøm og Eivind Helgerød.
- Samnemnaren for dei eg fekk med i studio, var at dei alle har ei herleg evne til å skape musikk som groovar noko vanvittig, samstundes som den snakkar til hjartet ditt!
Då dei gjekk i studio, hadde Rotevatn eit håp for prosessen:
- at eg skulle klare å halde på ei skamlaus tilnærming til å lage musikk. Altso, i den forstand at eg prøvde å vere fri for skam for kva som var lov å like, kva som var hipt eller ei, og kva som nødvendigvis gav meining eller ikkje. Rett og slett at ingrediensane eg hadde lyst til å putte i mi musikalske betasuppe, skulle få dukke opp som dei ville og når dei ville, utan kognitive sperrer.
Tekstane er i all hovudsak skrivne av Rotevatn. Andreas hentar inspirasjon frå fortida, for å kome seg vidare inn i si eiga framtid. Når livets store spørsmål bankar på, får ein kjenne på tankane kring slekters gang, kvar ein skal fengje sin heim, og om det er sant at det av daude gror. I tekstuniverset finn ein både tekstleg inspirasjon og direkte sitat frå mellom anna: Ivar Aasen, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas og Jakob Sande. I tillegg har både Bibelen og Håvamål snike seg inn fleire stader. Og sjølvsagt finn eit lite sitat frå nasjonalsongen frå fødestaden: Nordfjordsongen.
So kva type musikk dette er, får vere opp til lyttaren å meine noko om. For Andreas Rotevatn er det ikkje noko anna enn det sannferdige som dukkar opp, då han opna sine kunstneriske sluser.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder
Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.
Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS
MOJNA slipper divende vakker låt med Erlend Apneseth som gjestemusiker - "Väntenätter" ute i dag.16.5.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
MOJNA (tidligere Eriksson/Myhr/Malmström) er straks klare med andrealbumet Väntenätter. Albumet er produsert av Erlend Apneseth, og på tittelsporet har han også bidratt som gjestemusiker.
´Intermezzo´ åpner og tar oss med inn i Ola Kvernbergs Steamdome III16.5.2024 08:45:00 CEST | Pressemelding
Ola Kvernberg er i dag ute med 'Intermezzo' som er andre og siste singel før hans kommende album 'Steamdome III: Beyond the End' slippes 7. juni.
Valsemølla rocker reke-Røkke!10.5.2024 10:10:00 CEST | Pressemelding
Bjølsen Valsemølle feirer 50 år i 2024, og feirer med ny musikk! I dag er den nye singelen "Rike Reke Røkkes Romfolk Restaurant" ute - en ellevill og ironisk hyllest til Røkke.
Marius Lien vant Spellemannspris for debutalbumet sitt "The Woodland Songbook Part I" - i dag er han aktuell med ny musikk!10.5.2024 09:30:00 CEST | Pressemelding
Gitartalent, Marius Lien, kommer med ny musikk som følger opp suksessen. På den nye singelen "Grinding Teeth", fortsetter han å imponere med nye sider av det musikalske universet han introduserte på debutalbumet.
Maylen Rusti aktuell med sitt etterlengtede andrealbum "Drømmeland" i dag!10.5.2024 08:54:34 CEST | Pressemelding
2024 er en stor milepæl i artistens liv – etter hennes debutalbum “Heartmachine” ble utgitt til stor suksess i 2014, er hun nå endelig tilbake. Denne gang med albumet “Drømmeland” der hun synger på egen bergensdialekt, fullt av fengende, drømmende låter, med throwback til hennes ungdomsstid på 90- og 2000-tallet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom